Høgre og Frp vinnarane i skulevalet i år – kalddusj for Støre
Høgre får 21,9 prosent og Frp 19,5 prosents oppslutning blant elevane i landet i vidaregåande skular. Arbeidarpartiet fell kraftig tilbake til 17 prosent.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tala er baserte på landsgjennomsnittet av stemmer avlagde ved 391 vidaregåande skular som har vore påmelde skulevalet i år. Skulevalet svarer til fylkestingsvalet, og elevane kan stemme på parti som stiller liste i fylket som skulen vil tilhøyre 1. januar 2024.
Høgre får 8,9 prosentpoeng høgare oppslutning enn ved skulevalet før kommune- og fylkestingsvalet i 2019. Framstegspartiet går heile 11,4 prosentpoeng fram samanlikna med skulevalet for fire år sidan og pustar Høgre i nakken med 2,4 prosentpoeng lågare oppslutning.
– Vi får vel for det første god draghjelp av ei historisk upopulær regjering, men eg trur også det er ei konservativ slagside blant elevane – ein motreaksjon mot Greta Thunberg-generasjonen som var for fire år sidan, seier ein svært fornøgd leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby, til NRK.
– Mange meiner det er tid for eit skifte
Sist Høgre var det største partiet ved eit skuleval var før stortingsvalet i 2013. Partiet har aldri vore størst på skulevala før kommune- og fylkestingsval.
– Det er lenge sidan vi har vunne eit skuleval, for vi har vore det seriøse partiet, ikkje det lettvinte partiet. Men no når vi har vunne, trur eg det er ein viktig indikasjon på at veldig mange i mange kommunar meiner det er tid for eit skifte frå eit raudgrønt styre til eit borgarleg leidd styre, sa partileiar Erna Solberg til Unge Høgre si valvake.
Ap ned 9,5 prosent
Arbeidarpartiet fekk 26,5 prosent oppslutning blant elevane i 2019. Denne posisjonen har partiet ikkje behalde, men rasa ned til 17 prosent oppslutning, eit fall på heile 9,5 prosentpoeng.
– Eg skulle gjerne sett at dette talet var høgare. No skal vi gi H og Frp konkurranse fram mot valet i 2025, seier ein skuffa AUF-leiar Astrid Hoem til NRK.
Senterpartiet får ei oppslutning på 6 prosent, mot 8,1 for fire år sidan.
Ikkje noko fleirtal på venstresida
Til saman har dei borgarlege partia 53,1 prosent oppslutning blant elevane i landet i vidaregåande skule.
SV er det einaste partiet på venstresida som kan vise til framgang med 11,1 prosent av stemmene, mot 9,8 prosent i 2019.
Dagens Ap/Sp-regjering får berre 23 prosent oppslutning av skuleungdommane. Den klassiske raudgrøne koalisjonen beståande av Ap, SV og Sp får berre 34,1 prosent av stemmene. Heile venstresida inkludert MDG får totalt 40,6 prosent oppslutning, viser skulevalet.
Kraftig fall for MDG
Også Miljøpartiet Dei Grøne, som fekk heile 10,1 prosentpoeng ved valet i 2019, fell stygt i oppslutning frå skuleelevane i landet. Med berre 3,8 prosent av stemmene hamnar partiet under sperregrensa.
– Vi er sjølvsagt ikkje fornøgde med 3,8 prosent. Heldigvis er ikkje det verkelege valet over, og MDG har i ei god stund no gjort det godt på målingane, som gir oss håp. Vi skal komme sterkare tilbake neste skuleval, og fokuserer no på å vinne lokalvalet, seier talsperson Tobias Oftedal Stokkeland i Grøn Ungdom.
Venstre går 0,7 prosentpoeng tilbake samanlikna med resultatet frå 2019, og endar med 9,4 prosent av stemmene.
Raudt og KrF under sperregrensa
KrF hamnar under sperregrensa med 2,8 prosents oppslutninga, men det er likevel ei svakt auka oppslutning på 0,5 prosentpoeng frå 2019.
Også Raudt fell mykje i oppslutning sidan førre kommune- og fylkestingsval, frå 5 prosent av stemmene i 2019 til berre 2,7 prosent.
Nykommaren Industri- og næringspartiet har fått ei oppslutning på 1 prosent av skuleelevane som stemde.