Regjeringa utset grunnrenteskatt på vindkraft

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Opphavleg skulle grunnrenteskatten ha verknad frå 2023.

Regjeringa har likevel utsett iverksetjinga etter innspel i høyringsrunden.

– Lokalsamfunn og fellesskapet bør få ein rettferdig del av verdiar skapt frå dei felles naturressursane våre. Samtidig må vi vurdere høyringsinnspel og lovreglar nøye før eit forslag kan fremjast for Stortinget, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Jublar for utsetjinga

I lys av mellom anna innspel frå høyringa, tek regjeringa no sikte på å fremje forslag om grunnrenteskatt på landbasert vindkraft for Stortinget i løpet av haustsesjonen 2023, med verknad frå inntektsåret 2024.

Utsetjinga blir møtt med jubel frå Samfunnsbedriftene Energi og Fornybar Energi.

– Det er veldig positivt at dette blir utsett og at ein får ei behandling av forslaget i Stortinget til hausten, uttaler Truls Wickholm, direktør i Samfunnsbedriftene Energi (SBE).

– Det er sjeldan vi rosar regjeringa for ei utsetjing, men i dette tilfellet var det faktisk viktig. Forslaget om ny grunnrenteskatt for vindkraft må endrast for ikkje å ramme heilt nødvendige investeringar i fornybar energi, seier leiar Åslaug Haga i Fornybar Norge.

Saman med forslaget om grunnrenteskatt på vindkraft vart det i budsjett for 2023 vedteke auke av produksjonsavgifta for vindkraft til 2 øre per kWh frå 1. januar 2023. Denne avgiftsauken blir ikkje påverka av utsetjinga for grunnrenteskatten, og vertskommunane vil dermed få auka inntekter som planlagt.


Olje- og energiminister Terje Aasland Foto: Naina Helen Jåma NTB / Kommunikasjon