«Det er ikkje enkelt å starte eit nytt politisk parti i Noreg»

Simen Bondevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Heilt sidan Partiet Sentrum (PS) blei lansert har dei aller fleste politiske kommentatorar dømt partiets sjansar nord og ned.

Ved lanseringa uttalte Magnus Takvam at PS ikkje utgjorde noko politisk jordskjelv. Nokre månader før valet kalla eks-KrFU-leiar og Vårt Land-kommentator Emil Erstad Partiet Sentrum for ein «flopp», og etter valet har fleire slått fast at Partiet Sentrum er mislykka.

Eg meiner alle desse ekspertane tar feil.

Foto: Tore Sætre, CC BY-SA 4.0 , Agnete Brun/Samlaget

Kampen mot utanforskap

For det første: Kompetansen i partiet, seriøsiteten blant politikarane og kvaliteten på partiprogrammet til Partiet Sentrum er på eit heilt anna nivå enn dei fleste andre småpartia i Noreg.

Her er det folk med stort truverd og innsikt på ulike fagfelt. Det er mange som har hatt tunge verv og engasjert seg i andre parti tidlegare og konkrete politiske løysingar som har blitt hylla av fleire organisasjonar. Blant anna har Mental Helse gitt det terningkast 6.

Dessutan er noko av det viktigaste for alle politiske parti allereie godt etablert for Partiet Sentrum: nemleg eit tydeleg sakseigarskap.

Kampen mot utanforskap er vår sak nummer ein. Det er noko eg trur dei fleste har fått med seg. Vi arbeider for minoritetar sine rettar.

Spesielt stort er mange av våre medlemmar sitt engasjement for kronisk sjuke og funksjonshemma sine rettar. Dette er ei gruppe dei fleste andre parti har gløymt.

Frp er hovudmotstandaren

Skiljelinjene mot dei andre partia er òg tydelege.

Frp er vår tydelegaste motstandar med eit anna syn på det meste. Høgre sviktar blant anna i asylpolitikken. Venstre stemmer mot CRPD i norsk lov. KrF er dogmatisk konservative i abortspørsmålet og i LHBT+-politikk. MDG gløymer sosial og økonomisk berekraft. Senterpartiet er skremmande proteksjonistiske. AP sviktar i klimapolitikken. SV er mot både EØS og NATO. Raudt viser til kommunisme i programmet sitt.

Tala er òg på Partiet Sentrum si side. Ei undersøking gjennomført av Norstat på oppdrag frå Partiet Sentrum viser at 31 prosent meiner Noreg treng eit parti som i større grad prioriterer mangfald og inkludering.

I same undersøkinga gav også 11 prosent uttrykk for at dei kunne vurdere å stemme på Partiet Sentrum. Det viser at potensialet er stort, både på kort sikt og i det lange løp. Framover skal vi jobbe for å overtyde desse om at det er betre å vere i PS enn å sitte på gjerdet.

Skuffande debut?

Med desse tinga på plass, kan ein spørje seg korfor stortingsvalet ikkje gjekk betre for Partiet Sentrum. Eg trur forklaringa primært ligg i tre ting.

For det første var folk redde for å kaste bort stemma på eit nystarta parti. Men mange veljarar hadde oss som andreval. I tillegg har vi eit betydeleg forbetringspotensial på kommunikasjonsfronten. Veljarane må lese om oss i media oftare. For det tredje hadde vi nok litt dårleg tid, knapt eit år frå lansering til valdag.

Sett i lys av det Kampanje omtalte som «PR-slakt» frå kommunikasjonsekspertar og ein veldig ung partiorganisasjon, er kanskje ikkje eit valresultat på rett i underkant av 0,4 prosent  så altfor ille. Faktisk fekk MDG det same resultatet første gongen dei stilte til val.

At 7 836 menneske stemte på Partiet Sentrum sjølv om media, andre politikarar og ekspertar stadig fortalde dei at det var meiningslaust, fortel meg at det er eit rom for oss i norsk politikk.

Motstand frå systemet

Eg vil gi dei politiske kommentatorane rett i ein ting: Det er ikkje enkelt å starte eit nytt politisk parti i Noreg. Det tar tid.

Ein får ikkje ei einaste krone i statsstøtte. Veljarane er redde for å «kaste bort» stemma si. Medieinteressa er laber, og dei etablerte partia gir overraskande motstand. Eit nytt parti i Noreg har mange motstandarar. Det er ikkje meininga at ein skal lykkast. Men det er faktisk det Partiet Sentrum i ferd med å gjere.

Sjølv om det utetter var sett eit hårete mål frå partileiar Geir Lippestad om å kome inn på Stortinget på første forsøk, var vi nok fleire internt som aldri hadde trua på det. Nye parti slår stort sett gjennom ved lokale val. Terskelen for å stemme på eit nystifta parti er lågare ved lokale val.

Når vi neste haust får valt inn lokalpolitikarar i kommunestyre over heile landet, får vi høvet til å bygge lokale profilar og vise partiets politikk i praksis.

Varaordførar på laget

I dette avgjerande arbeidet for partiets framtid fram mot lokalvalet, har vi dessutan fått litt ekstra vind i segla. Varaordføraren i Kristiansand, Erik Rostoft, har nemleg nyleg meldt overgang til Partiet Sentrum, saman med fleire andre dyktige menneske frå Tverrpolitisk Folkeliste si partigruppe. Denne overgangen, i kombinasjon med arbeidet for å opprette lokallag som akkurat no skjer i over 50 kommunar gir håp om eit godt lokalval.

Partiet Sentrum ligg godt an til å kome inn i fleire kommune- og bystyre rundt omkring i heile landet. I tillegg til Kristiansand vil eg trekke fram Oslo. Dersom vi kjem inn i bystyret, vil det verkeleg gi oss ein plattform og økonomien som trengst for å nå endå breiare.

Å kome inn i bystyret vil truleg krevje rett i overkant av 5000 stemmer. Geir Lippestad fekk i underkant av 7000 personstemmer førre gong han stilte til val i Oslo.

Lagnadstungt lokalval

Lokalvalet om eit års tid vil vere avgjerande for Partiet Sentrum si framtid i norsk politikk. Eg trur og håpar at situasjonen om eit år vil vere heilt annleis enn no.

Dersom Geir Lippestad blir valt inn i bystyret i Oslo – og andre politikarar i kommunestyre over heile landet – får vi endeleg høve til å bygge opp eit ordentleg partiapparat. Det betyr politikarar og rådgivarar som vert kjøpte fri til å bruke arbeidsdagane sine på å fronte partiets politikk.

Eg veit at Partiet Sentrum har ein stor heiagjeng og mange støttespelarar. No gjeld det å bruke det neste året godt på overtyde denne heiagjengen om å faktisk melde seg inn, engasjere seg i partiet og stemme på oss. Viss vi klarer det, er stortingsplass i 2025 innan rekkevidd. Viss ikkje kan lokalvalet vise seg å bli lagnadstungt for partiet eg og veldig mange andre har brukt tidlege morgonar og seine kveldar på å bygge opp.

Eg trur Paritet Sentrum har kome for å bli. Det er mange veljarar som spør etter eit parti som kjempar for nettopp dei sakene vi løftar høgast. Dersom vi lykkast med kommunikasjonsarbeidet framover og valkampen neste år, kan 2023 bli Partiet Sentrums store gjennombrot.

Eg trur mange politiske kommentatorar kjem til å få seg ei real overrasking valnatta 11. september 2023.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Les også ny leiar-intervjuet med Simen Bondevik: Vil invitere Alexandria Ocasio-Cortez på pinnekjøt

Kollasj laga av framtida.no. Simen Bondevik: Privat, Alexandria Ocasio-Cortez: AP Photo/Andrew Harnik. Pinnekjøt: Nynorsk Pressekontor