Ecuador stemmer for å stoppe oljeboring i nasjonalpark
Etter ei folkeavstemming vil Ecuador stoppe oljeboring i Amazonas.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I dag er ein historisk dag! Som ei Waorani-kvinne og -mor føler eg meg overlykkeleg over ecuadorianarane si rungande avgjerd om å stoppe oljeboring i mitt folks heilage heimland, seier Nemonte Nenquimo, ifølgje The Guardian. Ho er ein leiar for urfolket Waorani og har mellom anna vore på TIME si liste over dei mest innflytelsesrike personane i verda.
Søndag stemde ecuadorianarar for å stanse utviklinga av alle nye oljebrønnar i nasjonalparken Yasuní i Amazonas.
Området husar urfolka Tagaeri og Taromenane, som er blant dei siste ukontakta urfolksamfunna i verda som lever frivillig isolert. Yasuní er òg eit av områda med mest biologisk mangfald i verda.
Permanent forbod
Då 90 prosent av stemmene var talde opp, var 58 prosent for å stanse oljeboringa, ifølgje den nasjonale valkommisjonen. Avstemminga skjedde i samband med presidentvalet i landet.
Folkeavstemminga forbyr permanent oljeboring i oljeprosjektet Ishpingo-Tambococha-Tiputini (ITT), som ligg aust i Yasuní-nasjonalparken. Rundt 726 millionar fat olje blir dimed verande under jorda.
Den ecuadorianske regjeringa er pålagt å stanse operasjonane og demontere infrastruktur innan eitt år, og dessutan utføre sanering og gjenplanting, skriv The Guardian.
Før folkeavstemminga åtvara økonomar om at å stanse oljeboringa vil føre til innstrammingar i landet som allereie har ein svak økonomi.
Blokkerer gruvedrift
I ei anna folkeavstemming stemde innbyggjarane i hovudstaden Quito òg for å stoppe gullgruvedrift i Chocó Andino i høglandet nær hovudstaden.
– Denne sigeren viser at vi menneske tar grep for å redde planeten vår i desse tider med klimakrise, uttalar Leonidas Iza, presidenten for Conaie, Ecuadors paraplyforbund for urfolk om avstemmingane.