Kinesisk ungdom legg seg «zombie style»
Rundt éin av fem unge i Kina er arbeidsledige. No postar dei bilete av seg sjølv flate på bakken for å uttrykke redselen sin for framtida.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I juni rapporterte NBS, National Bureau of Statistics, at arbeidsløysa for unge i Kina mellom 16 og 24 år var på 21,3 prosent.
Det er det høgaste sidan dei starta målinga for fem år sidan, ifølgje Quartz.
Usikker økonomisk framtida
Tidlegare har unge i Kina laga «memes» for å uttrykke seg. «Lay flat»- og «let it rot»-trendane har vore passive protestar mot dei høge forventningane til produktivitet og prestasjonar som heng over ungdommen.
No har det ferdigutdanna kullet for 2023 starta ein ny trend, der dei tek uteksamineringsbilete i «zombie style».
This year, instead of the classic hat-throwing, flower-holding, and joyful smiles, Chinese students opted for defeated poses (with many literally just ‘laying flat’), apocalyptic backgrounds, or purely sarcastic shots where they are seen throwing their graduation thesis. pic.twitter.com/MhU5XBqMtR
– RADII (@RADII_Media) June 13, 2023
Denne trenden går ut på å ligge slengt og samanfalne rundt om på skulane, kledd i uteksamineringskleda. Den Instagram-liknande sosiale medium-plattforma Xiaohongshu, flyt over av slike bilete.
Mange av studentane i dette kullet var isolert store delar av studietida, grunna pandemien.
«Zombie style»-trenden har blitt ein måte å vise og dele mentaliteten og redsla mange sit med i møte med ei usikker økonomisk framtid.
Færre reiser til byane
Storbyar, som Beijing og Shanghai, har lenge tiltrekt seg nyutdanna unge vaksne som vil utvikle ein karriere. No går færre for dette alternativet.
Quartz skriv i ein artikkel at 47 prosent av alle nyutdanna i 2022 har reist tilbake til heimbyen. Auka er på fire prosent sidan 2018.
Ekskludert frå statistikken
15. august sleppte National Bureau of Statistic (FSB) sine månadlege økonomiske data for Kina. Tala viser at arbeidsløysa i landet heldt seg stabil på 5,3 prosent, opp 0,1 prosent frå juli.
Spesifikke tal på unge mellom 16 og 24 år var ikkje inkludert, slik dei har vore tidlegare.
Talspersonen i NSB Fu Linghui sa i ein pressekonferanse i Beijing at det kjem ei pause i rapportering av statistikken i starten av august.
– Om studentar som leitar etter arbeid før dei er ferdige i skulen bør bli inkludert i statistikken er det ulike meiningar om, og må forskast meir på, sa Fu.
Han hinta i tillegg om at aldersspennet i statistikken også er noko å vurdere.
Les også: Ny NHO-undersøking: Unge mest bekymra over jobbmoglegheiter og høge prisar