Sandra Borch (Sp) blir ny minister for høgare utdanning
Sandra Borch (Sp) overtek som forskings- og høgare utdanningsminister, medan Geir Pollestad (Sp) blir utnemnd til ny landbruksminister, erfarer fleire medium.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje fleire medium, blant dei TV 2 og VG blir det dagens landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) som overtek etter Ola Borten Moe (Sp).
Ho blir i sin tur erstatta av Senterpartiets parlamentariske nestleiar Geir Pollestad (Sp), som blir ny landbruksminister.
Statsrådsskiftet skjer kl. 11.30 i formiddag, stadfestar regjeringa.
Klokka 12.30 blir det pressekonferanse med statsministeren i presserommet i representasjonsanlegget til regjeringa.
Braut reglane
Han går også av som nestleiar i Senterpartiet og tek ikkje attval til Stortinget i 2025.
35 år gamle Borch blir rekna blant kandidatane til å bli ny nestleiar på Senterpartiets landsmøte neste år.
Lang fartstid
Både Sandra Borch og Geir Pollestad har lang fartstid i politikken, og begge blir rekna blant Senterpartiets tungvektarar.

Geir Pollestad (Sp) ligg an til å overta som landbruks- og matminister etter Sandra Borch. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Borch har sete på Stortinget sidan 2017, medan Pollestad kom inn allereie i 2009 som møtande vararepresentant for Magnhild Meltveit Kleppa.
Han overtok som finanspolitisk talsmann etter Sigbjørn Gjelsvik i april, då Gjelsvik gjekk inn i regjeringa. Dermed fekk han ansvaret for å sikre Sps politikk i budsjettforhandlingane mellom regjeringspartia og SV.