Casper og Simeon har sommarjobb på Akvariet

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Fetterparet Casper Romarheim (17) og Simeon Bekken (17) jobbar som ekstrahjelpar på Akvariet i Bergen. Der gjer dei oppgåver som å vaske ruter, fylle toalettpapir, lage lunsj og hjelpe publikum med å finne fram til dei ulike dyra.

– Det er spennande å vere så nært dyra og sjå korleis akvariet fungerer frå innsida, seier Casper.

Casper Romareim har sommarjobb på Akvariet i Bergen for andre år på rad. Foto: Privat

– Det er ikkje så standard som å jobbe på butikken. Det er ikkje kvar dag du ser ei sjøløve eller ein krokodille. Vi får innside-informasjon om dei ulike dyra og lærer mykje, seier Simeon.

– Eg kunne ikkje mykje om ulike fiskeartar frå før. Men no har eg lært veldig mykje av å snakke med dei som jobbar her, og lese skilta, legg han til.

VR og maskotar

Arbeidsdagen startar klokka 8. Det plar vere litt rot her og der som dei må rydde opp, skitne ruter som må vaskast, og liknande. På morgonen er det også morgonmøte der dei ulike oppgåvene vert fordelte.

I sommar har akvariet også eit virtuell verkelegheit-spel (VR), og ein stasjon med eit mikroskop der gjestane kan sjå nærare på fiskebein og tenner frå sjøløver, som Casper og Simeon innimellom bemannar. Dei har også skift som maskotane Pingu og Krokko, som er veldig populære blant borna.

Simeon og Casper tek mellom anna på seg rollene som Krokko og Pingu når dei er på jobb for Akvariet i Bergen. Foto: Privat

Får lyst til å reise

Sjølv om dei ikkje jobbar tett på dyra, kjenner dei likevel på at arbeidsplassen er noko utanom det vanlege. Dei får lære mykje om dyrelivet på morgonmøte, eller når dei berre snakkar med kollegaene sine. Innimellom kan dei ta ein pause og sjå på sjøløveshowet. Etter kvart kan dei kanskje vere med og halde presentasjonar for publikum.

– Har de ei stor interesse for sjødyr?

– Ikkje så mykje frå før, men når eg har lært meir om dei ulike dyra, har interessa vakse. Det er ganske stilig at ein kan samle så mange ulike artar frå ulike stader i verda på éin stad. Alle har ulike behov. Nokre treng varme, andre kulde, nokre saltvatn, andre ferskvatn. Det er spennande å lære, seier Casper.

Simeon vaskar glaset til ein fisketank. Foto: Privat

Simeon fortel at han har ei interesse for fiske i lag med familien, men at han også har fått auga opp for andre artar gjennom jobben.

– Eg får lyst til å reise rundt i verda og faktisk oppleve det på ekte. Det er kult å sjå alt samla på éin plass i Akvariet, men eg får lyst til å reise til Sør-Amerika og sjå nokre dritkule dyr, slik mange av dei som jobbar her har gjort, seier han.

Dei er ikkje i tvil om kva favorittdyret deira er:

– Oterane. Dei er så leikne, som to kattar som er bestevenar, seier Casper. Simeon seier seg einig.

Kjekke kollegaer

Faren til Casper jobbar på akvariet, og det var slik han fekk seg jobb i fjor sommar. Fetteren Simeon fekk også nytte av kontakten dette året. For begge to er det første gong dei har ein ordentleg jobb.

Førsteinntrykket av arbeidslivet vart veldig positivt. Begge to er litt overraska over arbeidsfellesskapet dei vart møtte med. Dei fortel at kollegaene deira er både kunnskapsrike og venlege.

– Vi har ikkje dei kulaste arbeidsoppgåvene, men det er mange kjekke og morosame folk her. Det er dei som gjer at eg gler meg til å komme på jobb, seier Casper.

Casper vaskar glaset ved bassenget til sjøløvene. Foto: Privat

Kan bli litt rush

Jobben byr også på mykje kontakt med publikum. Det kan vere triveleg, men også utfordrande.

– Viss du har hastverk og får eit spørsmål av ein gjest, må du vere den beste versjonen av deg sjølv, og svare kjempehøfleg. Særleg på varme sommardagar når det er stappfullt kan det bli litt rush. Det er ikkje noko stor utfordring, men det kan komme små drypp gjennom dagen, seier Simeon.

Casper er einig:

– Mange folk spør om ulike ting, og vi kan ikkje alltid svaret. Mange gjester er også frå utlandet, så det er mykje engelsk i bruk. Dei første gongene var det litt utfordrande, men etter nokre gonger gjekk det fint, seier han.


Jonas Hitsøy (16) fiskar leppefisk gjennom Ungdomsfiskeordninga. Han får hjelp av Tobias Dåvøy Skår.