Jonas (16) og Mathea (18) har sommarjobb som fiskarar

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Det er ein klar og stille julidag på Vestlandet. Vi stig ombord i båten og snart køyrer vi avgarde gjennom skjergarden i Øygarden vest for Bergen. Først vert krabbeteinene tekne opp, og deretter er det tid for å hente inn dagens hovudfangst: Leppefisken.

Jonas Hitsøy (16) har fiska sidan han var 11–12 år. Faren hadde kjøpt ein liten river-båt, og Jonas fann ut han ville prøve seg. Han og fetteren drog ut og fiska krabbar og sette garn.

Jonas Hitsøy (16) får hjelp av Tobias Dåvøy Skår (16) til sjøs. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Nokre år seinare har Jonas allereie kjøpt og selt fleire eigne båtar. No jobbar han frå ein ombygd mørebas, og i tre år har han delteke i ungdomsfiskeordninga.

Tobias Dåvøy Skår drar ei teine ombord. Også denne hadde liten fangst. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Denne ordninga går ut på at ungdom mellom 12 og 25 kan melde seg på for å fiske leppefisk for inntil 50.000 kroner frå 12. juli til 18. august. Målet er å gi unge ein inngang til fiskaryrket.

– Eg synest at det er kjekt at dei lagar til slike ordningar, som gir oss ungdommar moglegheit til å begynne. Det er mykje papirarbeid, så det er fint å få bli van med korleis ting fungerer, seier han.

Vaks opp på fiskebåt

Også Mathea Midtsæter Strønen (18) deltek i ungdomsfiskeordninga. Ho bur på Søre Øyane i Bjørnafjorden kommune, sør for Bergen. Ho var med på leppefisket for første gong i 2018, men då berre som hjelpar. Året etter fekk ho si eiga kvote.

– Eg har fiska både krabbe og hummar med pappa og onklar heilt frå eg gjekk i barnehagen. Her som eg bur, er dei veldig opptekne av maritim opplæring i både barnehage og barneskulen. For ein del av dei som bur her, er fiskemiljøet ein del av blodet, seier ho.

Mathea Midtsæter Strønen er med i ungdomsfiskeordninga. Foto: Privat

Fiskinga har vorte hobby og fritid for Mathea. Då vart det naturleg å tenke vidare i same bane, og få kombinert hobbyen med yrke. Ho har fått mykje erfaring og lærdom gjennom åra.

– Det kjekkaste med å fiske er alt du ikkje veit og ikkje kan føreseie. Det finst ingen fasit, du må prøve å finne ut av ting undervegs. Ulike faktorar speler inn, slik som vêr, eller at det i år ikkje er like bra fiske som tidlegare år. Det er det første året det ikkje har gått knirkefritt, fortel ho.

Varierande dagar

Jonas seier at det var rart å starte med noko nytt, første året han deltok i leppefisket. Men det gav meirsmak.

Jonas Hitsøy (16) fiskar leppefisk gjennom Ungdomsfiskeordninga. Han får hjelp av Tobias Dåvøy Skår.

– Det kjekke med fisket er at det er ein ganske varierande kvardag. Det er spaning, og høgdepunktet er når du drar opp teina og ser at du har fått mykje fangst. Det er kjekt å vere ute i båt, særleg når det er fint vêr. Regn går fint, men vinden kan stoppe mykje, seier han.

Ein vanleg dag står Jonas opp klokka 7, kler på seg og går rett i båten. Han tek først opp krabbeteinene, og så hankar han inn leppefisken. Han tar opp teinene 3–4 gonger om dagen.

Fisken leverer han direkte til Lerøy Seafood AS sitt anlegg, som ligg like i nærleiken. I løpet av sommaren skal han levere om lag 3.000 fisk. Han reknar å bruke rundt 2 månader.

Jonas har ikkje andre fiskarar i familien, men faren jobbar i Lerøy. Han har prøvd seg fram sjølv, og dessutan vore med på andre fiskebåtar. Han har to fiskarar som han jobbar med i ny og ne. Til hausten skal han i lære på ein av båtane, og han ønsker å halde fram med fiske i framtida.

– Eg har lyst til å jobbe på min eigen sjark og drive for meg sjølv, seier han.

 

Jonas Hitsøy (16) og Tobias Dåvøy Skår drar opp dagens fangst. Når Framtida er med, har dei ein dårleg fiskedag med få fisk i teinene. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Einaste jenta

Også Mathea er takksam for ungdomsfiskeordninga. Ho seier at det har vorte vanskeleg å få tak i leveringsavtalar dei siste åra.

– Spesielt i min alder er det ei veldig fin ordning å ha. Eg tener ganske mykje på det. Eg plar å sette av mesteparten av pengane på sparekontoen, men eg brukar litt på utstyr og investeringar i fisket. Og litt til fritid, seier ho.

Mathea Midtsæter Strønen er som regel med faren sin til sjøs. Foto: Privat

Mathea har nettopp fullført fiskelina på Austevoll vidaregåande skule, og om lag ein månad skal ho ombord på fiskebåten MS «Hargun», kor ho skal i lære i to år. Ho hadde utplassering på same båten i fjor haust.

– Eg var litt skeptisk som einaste jenta, men det gjekk heilt fint. Det var eit kjekt mannskap å vere ombord med. Dei lærte meg mykje nytt, fortel ho.

Jenter kan gjere same jobben

Mathea meiner fleire jenter burde teste ut fiskaryrket. Utviklinga viser at jentedelen veks, men det er framleis eit stykke å gå.

Ifølge Fiskeribladet var det i fjor eit markant fall i kvinnelege søkarar til fiske og fangst-utdanninga. Hanna Bakke-Jensen, rådgivar i Norges Fiskarlag peiker på at det har kome fram fleire historier om trakassering i næringa, medan Alice Roseth Helleberg, leiar av organisasjonen Hun Fisker, viser til at det er vanskeleg å få jobb og læreplass i næringa.

Når fisken er komen i båten må ein sortere etter art og måle storleiken. Foto: Privat

– Jenter klarar fint å gjere akkurat den same jobben. Men du må ha interesse for yrket, elles er det ikkje noko kjekt, seier Mathea.

Ho meiner at jenter bør få høyre og sjå meir av yrket, bli vist meir rundt, få vere med i båt og sjå korleis det er å stå oppi det.

– Det har litt å seie kor tidleg du byrjar å vere med i båt. Jo tidlegare jo betre, meiner ho.

Jonas Hitsøy køyrer båten under Rongesundbrua i Øygarden. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Mogleg framtid

Enn så lenge har ikkje Mathea planar om å kjøpe sin eigen båt. Ho er vanlegvis ute i lag med faren sin. Ho synest det er like greitt å jobbe for nokon andre, og sleppe å ha orden på alle papira.

– Eg er ikkje sikker på om eg har lyst til å halde fram innan fiske, for det er ganske avgrensa med arbeidsplassar no. Men eg skal vidare på fagskulen. Om det vert fiske eller noko anna, veit eg ikkje, seier ho.


Isak Dreyer er inne i sin tredje sesong som fiskar. Livet på havet er tydelegvis like god trening som ein får på treningsstudio, for Dreyer kunne nyleg hente heim tittelen Norges tøffeste. Foto: Michael Schult Ulriksen/NRK

Fakta: Leppefisk

  • Det finst seks ulike typar leppefisk i norske farvatn. Bergnebb og grøngylt er dei vanlegaste.
  • Leppefisk vert brukt i fiskeoppdrett til å reinse merdane for skadeleg lakselus. Bruken har auka stort dei siste 20 åra.
  • All fangst av leppefisk må rapporterast til Fiskeridirektoratet.

Kjelde: Havforskingsinstituttet