VG: Studentar vil gå 6400 kroner i minus kvar månad i år

Åshild Slåen
Publisert

Kvart år lagar Norsk Studentorganisasjon (NSO) eit studentbudsjett som viser utgifter, samanlikna med kva ein får i studiestøtte.

Ifølgje VG har dei i år rekna seg fram til at studentar går 6400 kroner i minus kvar månad, noko som er 600 kroner meir enn i fjor.

– Det er krise i studentars økonomi, seier Oline Sæther, leiar i NSO, til avisa.

Dei legg til grunn SIFO sitt referansebudsjett for tala, der totale utgifter i løpet av ein månad er 18 871 kroner, inkludert ei husleige på 8050 kroner.

Studiestøtta blir i snitt 12 537 kroner kvar månad i elleve månader. Då har lånet og stipendet fått ei historisk 7 prosent auke.

– Men dette forsvinn att når utgiftene stig endå meir, seier Sæther.


To unge kvinner på ein buss i Oslo.

NSO vil at det blir billigare å reise kollektivt i heile Noreg for studentar.
Foto: Gorm Kallestad / NTB