NSO vil ha nasjonalt månadskort

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.04.2023 13:04

Studentar bør få moglegheit til å kjøpe eit nasjonalt månadskort som dekker alle grøne transportmoglegheiter, meiner Norsk studentorganisasjon (NSO).

– For studentar i Noreg har det vorte dyrt å få kvardagen til å gå rundt, og dette gjeld transport også. Det er ikkje luksus å måtte ta bussen eller toget til lesesalen, praksisplassen, deltidsjobb eller heim for å sjå familie, heiter det i ein resolusjon som vart vedteken på NSO-landsmøtet i helga, omtalt i Khrono.

Eksisterer allereie i Tyskland

NSO viser til ei liknande ordning i Tyskland der styresmaktene lanserte eit grønt reisekort for alle ungdommar og studentar i 2022. Månadskortet kunne brukast i sommarmånadane, og kosta 9 euro i månaden.

I resolusjonen står det også at eit grønt månadskort ikkje berre vil lette det økonomiske presset for den vanlege studenten, men også motivere til hyppigare bruk av det norske tog- og bussnettet. Dermed vil det påverke studentar til å velje meir klimavennlege og berekraftige transportmiddel, framfor fly eller personbilar.

NSO har ikkje teke stilling til kva eit slikt månadskort bør koste, men legg vekt på at det må vere så rimeleg at det faktisk har noko å seie for økonomien til den enkelte student.


Ung kvinne smiler til kamera.

NSO-leiar Oline Sæther. Foto: NSO/ Jonas Ohlgren Østvik