Regjeringa vil oppheve brukthandellov

Brukthandellova hindrar næringslivet i å satse på gjenbruk. No ønskjer regjeringa å fjerne ho.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reglane for brukthandel i dag stiller ei rekkje krav til butikkar som sel brukt, medan digitale tenester som FINN og Facebook ikkje er omfatta av det same regelverket.

No foreslår regjeringa å oppheve regelverket, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Regjeringa har sendt inn eit høyringsforslag om å avvikle brukthandellova.

I dag må til dømes både butikken og seljarane godkjennast av politiet, alle varer som kjem inn må loggførast i ein fysisk protokoll og varene må oppbevarast i to veker før dei kan seljast vidare.

– Pliktene som næringslivet blir pålagde, gjer det vanskelegare å selje gammalt enn det er å selje nytt. Det er lite berekraftig. Regjeringa ønskjer å stimulere til auka gjenbruk og meir sirkulær økonomi, seier næringsminister Jan Christian Vestre.


Fretex. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK