Vil skrote brukthandellova: – Tolmodet vårt er i ferd med å renne ut

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er brei semje om at det hastar med grøn omstilling, men me har framleis ei brukthandellov som skapar utfordringar for brukthandlarane.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) har fleire gonger signalisert at lova bør endrast, og fredag 21. april møtte han igjen verksemder og organisasjonar for å få innspel til korleis eit nytt regelverk for handel med brukte gjenstandar bør innrettast.

Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender er ein av dei som var invitert.

Kvinne stiår ved disk med ei open bok.

Leiar av Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise
Foto: Framtiden i våre hender

– At regelverket er utdatert, har me visst lenge, og Vestre er ikkje den første som har meint at me må få på plass ei ny lov. Likevel har ingenting skjedd. No er tolmodet vårt i ferd med å renne ut. Eg håpar verkeleg denne regjeringa tek tak, seier Riise til Nynorsk pressekontor.

Skal hindre heleri

Dagens lov er frå 1999, og har som føremål å førebyggje omsetning av tjuvegods og gjere det enklare for politiet å spore opp stolne varer.

Det inneber at all handelsverksemd med sal av brukte ting krev løyve frå politiet. Ein må ha løyve både på innkjøpsstaden og salsstaden, og alle som driv med den daglege handelen, må ha politiattest.

I forskrifta til lova går det fram at den handlande i tillegg må føre ein kronologisk protokoll over alle ting dei har teke imot. Kvar ting skal merkast med nummer og ha tilsvarande nummer i protokollen.

Det er ikkje lov å øydeleggje, omarbeide eller selje tinga før fjorten dagar etter at dei vart tekne imot.

– For oss er det politigodkjenninga, løyvesøknaden, den gammaldagse protokollføringa og karantenetida det er viktigast å gjere noko med. Dette er ekstremt tids- og ressurskrevjande for butikkane, og eit hinder for at nye og små aktørar etablerer ny verksemd.

– Slik kan me ikkje ha det, når me parallelt har eit stort behov for å bli kvitt bruk-og-kast-mentaliteten og skape ein større sirkulærøkonomi, seier Riise.

Fretex har unnatak

Portrettbilete av kvinne med kort hår og svart skinnjakke.

Kristin Hareide, direktør i Fretex Miljø. Foto: Morten Bendiksen

Men i Fretex sin eine butikk der dei opererer med kommisjonssal, må dei framleis protokollføre kvar einaste vare, fortel Kristin Hareide, som er direktør for miljø i Fretex:

– Brukthandellova er oppretta for å hindre heleri, og vi meiner straffelova bør dekkje dette. Vi støttar ei revidering av lova slik at ho legg til rette for meir gjenbruk i Noreg. Det er bra for miljøet. Dagens lovkrav kompliserer gjenbruksaktiviteten, seier miljødirektøren.

Små aktørar taper

Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender fortel at det stadig er brukthandlarar som tek kontakt og gir uttrykk for stor frustrasjon:

– Dei seier det same alle saman; at krava i lova, og det at dei må betale moms på brukte varer, er dei største hindera for lønsemd i bruktmarknaden.

– Eg veit at fleire større kjeder som Fretex har fått unnatak frå oppbevaringsplikta og protokollføringa, men eg har enno ikkje høyrt om ein liten aktør som har fått det.

Skilt av Fretex framfor ein butikk

Fretex. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Då Nærings- og fiskeridepartementet i 2019 sende ut eit høyringsframlegg om å oppheve brukthandellova, fekk det støtte frå fleire. Men mange var også imot. Hovudgrunnen var at ein ved å fjerne lova vil få mindre moglegheit for tilsyn og kontroll, og at det i sin tur kan føre til meir økonomisk kriminalitet.

Ikkje ei enkel løysing

Marianne Skjemstad, medarbeidar ved Fretex Majorstuen. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Fretex. Brukthandel. Bruktbutikk. Brukthandellova.

I slutten av februar i år kom Høgre med framlegg om å revidere lova slik at ho i tillegg til å hindre heleri, også skal fremje sirkulærøkonomi.

Det sa fleirtalet på Stortinget nei til.

Anja Bakken Riise vedgår at heller ikkje Framtiden i våre hender har oppskrifta på korleis ein kan unngå heleri om ein fjernar alt tilsynet og kontrollen:

– Eg ser at det kan vere behov for reguleringar som lukar ut useriøse aktørar i bransjar som handlar med varer av høg verdi og som er spesielt utsett for varer som stammar frå vinningskriminalitet. Men reguleringane må ikkje vere retta mot heile brukthandelfeltet. Brukthandel med klede og utstyr er døme på kategoriar som bør få unnatak frå dei mest ressurskrevjande krava i dagens regelverk.


Ronja Vallestad (18) har handla bruktklede sidan tidleg i tenåra. Ho synest det er viktig å bryte tabuet rundt gjenbruk, og håpar ei ending i lovverket kan vere med på å gjere nettopp det. Foto: Privat