Hasteforslag om vernemur vedteke på Island

Alltinget på Island har vedteke eit lovforslag for å verne viktig infrastruktur på halvøya Reykjanes, der det er frykt for eit vulkanutbrot.

NPK-NTB
Publisert

Forslaget frå statsminister Katrín Jakobsdóttir vart vedteke rett før midnatt, melder kringkastaren Ruv.

Ifølgje justisminister Guðrún Hafsteinsdóttir vil det tysdag bli gitt fullmakt til å starte bygging av ein vernemur.

– Eg vil gi rikspolitiet fullmakt til å starte bygging av forsvarsverk for å verne kraftverket i Svartsengi i morgon, seier justisministeren, som er letta over at forslaget vart vedteke før Alltinget avslutta for natta.

Fredag kveld vart tettstaden Grindavik sørvest for Reykjavik evakuert på kort varsel. I fleire dagar har ein venta på eit vulkanutbrot på halvøya Reykjanes, der mellom anna flyplassen Keflavik og dei varme kjeldene kjent som Den blå lagunen, ligg.