Forskar: Neste terrorist kan komme frå bygda – kommunane må følgje med

Storbyane har gode tiltak på plass for å førebyggje radikalisering, men potensielle ekstremistar kan like gjerne bu på bygda. Kommunane må vere obs, meiner forskar.

NPK-NTB
Publisert

– Det er ingen som veit om den neste terroristen kjem frå Oslo, Bergen eller ein annan by i landet. Når radikaliseringa skjer på nett, kan det vere tilfeldig kvar den potensielle ekstremisten sit, seier forskar Per Moum Hellevik ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.

Han har skrive ein rapport om rolla til dei psykiske helsetenestene i å førebyggje ekstremisme og valdeleg ekstremisme. Dei kommunale helsetenestene og distriktspsykiatriske sentrum har eit ansvar, påpeikar Hellevik. Men det er det ikkje alle som er klar over.

– Viss du snakkar med helsetenestene, er det mange av dei som ikkje eingong veit at dei er del av førebyggingsarbeidet, seier Hellevik.

Han har intervjua tilsette i ulike tenester som skal førebyggje, blant dei kommunale helsetenester. Det har vorte til ein rapport som Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet får overlevert tysdag.

Ikkje berre eit byproblem

Byar som Oslo, Bergen og Fredrikstad har erfaring med å handtere radikalisering. Der er det fleire folk og høgare risiko. Det er naturleg at dei bruker meir ressursar på førebygging.

Men Hellevik meiner dei små kommunane ikkje kan tillate seg å la temaet liggje, sjølv om risikoen blir oppfatta som lågare der.

For når terroren først rammar, er konsekvensane så store. Det er ikkje berre drepne og skadde menneske. Det er frykta som rammar heile samfunnet, følgja for demokratiet og menneskerettar.

Og etterpå kjem spørsmålet om nokon burde ha forstått kva som kunne skje – og stoppa det.

– Ikkje så kostbart

Hellevik meiner det er forståeleg at små kommunar må prioritere hardt når dei skal handtere mange og store oppgåver med få ressursar.

– Vi ber ikkje om at helsetenestene gjer så mykje annleis, men at dei må ha det med i medvitet. Eg trur ikkje det kostar så himla mykje å gjere noko med det, seier han.

Blant tiltaka han peikar på, er:

  • Nasjonale, faglege retningslinjer for arbeidet med ekstremisme, slik helsestyresmaktene har for mellom anna eteforstyrringar og rus.
  • At helsepersonell får opplæring i førebyggingsarbeid. Dei bør også få klarere retningslinjer for kva dei kan dele av informasjon, og korleis, utan at dei bryt teieplikta.
  • Å få på plass grupper der politi, helsepersonell og andre kan diskutere personar dei er bekymra for.

Ingen «heilag gral»

Etter skyteangrepet natta før Pride-paraden i Oslo i juni 2002 kom det fram at gjerningsmannen, Zaniar Matapour, hadde hatt psykiske problem i ei årrekke og stått på PSTs «bekymringsliste».

Men det er ikkje så lett, seier Hellevik.

– Det har vore ein heilag gral – ønsket om å finne ein risikoprofil. Men forskinga har aldri klart å finne det, seier han.

– Det er ikkje sånn at viss vi fokuserer mykje på psykisk vanhelse, løyser vi problemet. Eit for einsidig fokus på psykisk helse vil ikkje vere fruktbart, seier forskaren.

Han påpeikar at det gjerne er mange faktorar som speler inn i ein radikaliseringsprosess: Utanforskap, samlivsbrot, einsemd, å falle ut av jobb eller skule. Det kan også vere depresjon eller ei personlegdomsforstyrring inne i biletet.

Derfor er det også nødvendig at mange delar av samfunnet skal vere med å førebyggje, mellom anna Nav, skulen og politiet – og helsevesenet, ifølgje forskaren.