Difor ular mobilen din onsdag

Onsdag får du høyre nødvarsel.

NPK-NTB
Publisert

Klokka 12 onsdag blir nødvarsel testa på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Noreg.

Det er politiet som sender ut nødvarsel til alle mobiltelefonar i Noreg, samtidig som Sivilforsvaret testar tyfonane rundt omkring i landet. Dette er ei felles nasjonal varslingsprøve, som blir gjennomført éin gong i halvåret.

– Ei så omfattande varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange menneske er samla og mange einingar vil spele av lyd samtidig. Del derfor gjerne informasjon om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test, skriv Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) på nettsida nodvarsel.no.

Nødvarselet blir sendt ut over mobilnettet i heile landet, og vil føre til at mobiltelefonar vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal. DSB oppmodar til å oppdatere mobilen til den nyaste programvara, viss ikkje kan det hende du ikkje får testen.

– Dersom du ikkje ønskjer å få testen, må du setje telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 12. juni. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande blir overstyrt, opplyser DSB.

Varselet har hatt litt