«Utbrent, utarma og underernært – eit matsystem i krise»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Matkrisa. Vi ser stadig vekk døme på svakheitene i matsystema våre. Du hugsar kanskje den norske smørkrisa i 2011, eller du har fått med deg den pågåande smørostkrisa i USA som har plassert bagel-sjappene i New York i krisemodus?

Meir alvorleg: Hungersnaud grunna tørke og sviktande avlingar, og såkalla mat-ørkenar, område der sunn og rimeleg mat ikkje er tilgjengelig – grunna stor avstand til butikkane eller uforholdsmessig høge prisar.

Ei rekke enkeltsaker, som det har vorte gjort alt for lite innsats for å understreke samanhengen mellom, og omfanget av. 

Eit matsystem som ikkje er berekraftig

Problemet med mattryggleik vert ofte sett på som eit teknisk og eit vitskapleg problem. Korleis skal vi klare å produsere nok mat til å fø verdas veksande befolkning? Vi slit allereie med å fø verdas 7,9 milliardar menneske. Kva gjer vi då når befolkninga når estimerte 9,9 milliardar i 2050, med eit sviktande matsystem? 

Det er rimelege spørsmål å stilja, men det angrip problemet frå feil ende.

Det vert i dag produsert nok mat til å fø heile verdas befolkning. Mattryggleik handlar dermed i stor grad ikkje om korleis produsere meir mat, men om korleis maten skal fordelast. Og ikke minst, korleis produsere mat på ein berekraftig måte, slik at framtidas generasjonar også har nok mat.

Dagens svoltkrise er i stor grad eit politisk spørsmål – om korleis verdas mat-ressursar kan fordelast på ein måte som gjer at ingen lever unødig i svolt, og slik at all den maten som blir kasta kan kome til nytte. 

Faktum er at vi har gjort oss avhengige av eit matsystem som ikkje er berekraftig. Det er korkje berekraftig i form av å vere i stand til å fø alle menneske på planeten, sjølv om det vert produsert nok mat i utgangspunktet, eller berekraftig for planeten. 

Kunstgjødselkrisa

Eit viktig døme på den manglande berekrafta er dagens kunstgjødselsituasjon. Dagens avhengigheit av kunstgjødsel i matproduksjon er enorm. Rundt 48 prosent av verdas befolkning er avhengig av mat dyrka fram med hjelp av kunstgjødsel, ifølgje tal frå 2015. 

No er tilgangen på kunstgjødsel i krise. Det tener kunstgjødsel-produsentane på. Når tilgangen går ned, og etterspurnaden forblir høg, stig prisane i rasande fart.

I eit produksjonssystem der kunstgjødsla er essensiell for bonden, blir ho selt uavhengig av pris. Då er det dei store bøndene med tilgang på kapital som er i stand til å halde drifta i gang. For dei små bøndene, slike som den norske matproduksjonen er avhengige av, blir utgiftene fort så høge at det ikkje løner seg å oppretthalde drifta. 

I Noreg har vi råd til å kaste mykje av maten vi kjøper. Samanlikna med svært mange andre land utgjer mat-utgifter ein svært låg del av forbruket vårt. Med andre ord – den gjennomsnittlege norske forbrukar har råd til at matprisane går noko opp. Dessverre er det slik at auka matprisar ikkje nødvendigvis går tilbake til bøndene. Auka prisar i butikkane er det først og fremst dagligvarekjedene som tener på. 

Situasjonen er altså høgst aktuell også her heime. Men, som med svært mange andre kriser, er det ikkje dei som er mest ansvarlege for krisa som vert hardast råka. Dette er ikkje eit argument for å minske alvoret i situasjonen for norske bønder – meir å understreke kor stoda er i resten av verda. 

Krev politisk vilje

Året som var sette på mange måtar matkrisa på dagsorden. Klimatoppmøtets jordbrukforhandlingar, «Koronivia Joint Work on Agriculture», blei vidareformidla i år, og sjølv om prosessane er treige, set det viktige klimaløysingar og problema med dagens matsystem på agendaen.

FN arrangerte for første gong eit internasjonalt mattoppmøte i New York, som rett nok vart redusert til å vare éin dag i digitalt format, grunna pandemien – som gav lite rom for å komme fram til effektive løysingar på spørsmålet om mattryggleik. Likevel har FN ei stor rolle når det kjem til å setje ting på agendaen, og FN sitt auka fokus på mat kan dermed ha ei rolle i å auke aktualiteten.

Verda over, også i Noreg, har vi sett bønder protestere mot vilkåra dei arbeider under. Dagens matsystem er heller ikkje berekraftig for dei som produserer maten. Då kjem vi tilbake til at spørsmålet om mattryggleik er eit politisk spørsmål.

Det krev politisk vilje for å endre eit system som fører til utbrente bønder, utarma matjord og urettferdig fordeling av mat som fører til underernæring somme stader og unødig matsvinn andre stader. 


Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a)framtida.no! 


Les også om korleis klimajussen har endra seg det siste året: Eit skred av klimasøksmål, lovpakkar frå EU, FN-resolusjon, meir klimaforsking og teikn til endring i blikket til Høgsterett på internasjonale forpliktingar.

Illustrasjonsfoto: Andrea Rygg Nøttveit