Trass i at The Phoenician Scheme ikkje er Wes Anderson sin beste film, så storkoste filmmeldaren vår seg i kinosalen.

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.
Wes Anderson er tilbake! Denne gongen med ei historie om ein ganske kriminell familie som skal gjere litt familie-business. Tittelen er The Phoenician Scheme.
Viss det var nokre andre enn meg som lurar på kva tittelen betyr, så er Phoenicia – Fønika på norsk – eit gamalt folkeslag som hovedsakeleg holdt seg til kysten i nåværande Libanon.
Planen i tittelen inneber at nokre ganske kriminelle rikingar gjer noko med nokon. Det er ikkje farleg med detaljane, det er viktige er at Zsa-zsa Korda har ein plan for å tene mykje pengar over dei neste 150 åra. Han sparar ikkje på nokre middel når det gjeld å få det som han vil.
Filmen startar med Zsa-zsa (Benicio del Toro) sit i sitt privatfly, ein bombe eksploderer og sekretæren hans blir blåst i fillebitar. Zsa-zsa tek dette med knusande ro, kastar piloten ut av flyet og døyr sjølv i flykræsjet. Han møter Willem Dafoe i himmelen, og blir send ned til jorda igjen for å halda fram med businessen sin som om ingenting har skjedd. Dette set tonen for resten av filmen.
Her er mordforsøk daglegdags, og Zsa-zsa har alltid ein plan.
Etter flystyrten innser hovudpersonen vår at han kanskje ikkje har så lenge igjen å leve. Han må få fart på planen sin. Han tek kontakt med dottera si, Liesl (Mia Threapleton), som han ikkje kjenner. Ho er attpåtil nonne. Liesl blir motvillig med på hjelpa han i håp om å kunne bruke formuen hans til eit godt formål, trass i dei lugubre måtane han har tent pengane på.
Videospel-aktig
Michael Cera spelar endeleg i ein Wes Anderson-film! Spesielt gøy for oss er det at han spelar ein nordmann! Karakteren Bjørn spelar ei dobbeltrolle som lærer til og sekretær for Zsa-zsa og blir dratt inn i all galskapen hans.
Bjørn er veldig interessert i insekt og i Liesl. Språket hans er kanskje ikkje ein heilt perfekt etterlikning av ein nordmann som pratar engelsk, men den tullete og syngjande måten han snakkar på passar veldig godt til karakteren.
Eg må først nemne stilen. Viss du har sett ein av filmane hans før, så skjønar du kva eg snakkar om: symmetri, pastelfargar, kjapp dialog og masse andre estetsike godbitar. Eg er så glad for at ei så tydeleg stemme som Wes Anderson får moglegheiten til å fortsette å lage sine eigne filmar, trass i eit filmlandskap kor mange av kinofilmane ser veldig like ut.
Strukturen i filmen er veldig tydelig, nesten videospel-aktig. Trioen vår drar til alle partane som er med på planen, for å be dei pent om å betale mykje meir enn avtalt. Mellom kvar del får me sjå ein oversikt over framgangen i planen og kven som er neste mål på lista. Me ser også at Onkel Nubar (Benedict Cumberbatch), som ein slags siste boss, ventar på slutten.
Sluttar aldri å overraske
Dette er ein komedie. Sjølv om det handlar om ein familie som lærer kvarandre å kjenne, så manglar litt av det som gjer at The Royal Tenenbaums og Den fantastiske Mikkel Rev treff på ein helit spesiell måte.
Men eg tenkjer ikkje at det nødvendigvis er eit problem. Denne filmen må få lov til å bli bedømt utan å bli samanlikna med alt anna som Anderson har gjort før. Så sjølv om den ikke traff meg rett i hjartet, så var den veldig underhaldande.
Filmen sluttar aldri å overrakse, og trioen vår spelar så godt med kvarandre at eg kunne sett dei gjere nesten kva som helst. Denne verda er i tillegg fullsett av skrullete karakaterar, nett som ein forventar av ein Wes Anderson-film. Eg kan trekke fram Bill Murray som Gud, Richard Ayoade som leiar for ein veldig hyggjeleg opprørsgruppe og Benedict Cumberbatch som den onde onkel Nubar. Sjølv syntest eg høgdepunktet var då Bryan Cranston og Tom Hanks viste sine basketball-ferdigheiter.
Det er mykje ein kan seie om Wes Anderson. Og det er mogleg at han er fanga i sin eiga stil, utan å klare å lage noko nytt. Men enn så lenge har i alle fall eg eit behov for eit jamt påfyll av Wes Anderson-filmar.
Eg håpar at han held fram i mange år til. Så sjølv om filmen kan ikkje er blant hans beste, så er det ingen tvil om at eg storkoste meg i kinosalen.