Memoir of a Snail: – Har ein viktig bodskap
Viss du er svolten på sniglar, kul stop-motion-animasjon og truverdige framstillingar av sorg og einsemd, er dette filmen for deg.

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.
Stop-motion-legende Adam Elliot er tilbake med ein film fylt med humor, død og masse sniglar.
Adam Elliot er mest kjend for filmen Mary and Max og opererer i kjend stil med filmen Memoir of a Snail.
Memoir of a Snail
Nasjonalitet: Australia
Språk: Engelsk
Regi: Adam Elliot
Noregspremiere: 20.06.2025
Aldersgrense: 12 år
Sjanger: Animasjon
Speletid: 1t 24m
Terningkast: 6
Morosam skrulling
Grace (Sarah Snook) sitt liv er prega av urettferd og slit. Mora døyr under fødselen, ho blir mobba på skulen, faren er snill men alkoholisert og dessutan lam frå livet og ned. Ho arvar ei interesse for sniglar frå mor si, og går alltid med ei sniglelue. Den einaste venen ho har, bortsett frå sniglane på rommet hennar, er den pyromane tvillingen Gilbert (Kodi Smit-McPhee). Uheldigvis går det ikkje lang tid før også han blir tatt bort frå ho.
Alt dette forferdelege skjer i starten av filmen, og livet hennar blir ikkje noko lettare ettersom ho blir eldre. Likevel er det nokre lysglimt i tunnelen.
Ho held kontakten med Gilbert sjølv om dei bur på kvar si side av Australia, og Grace får seg ein ekte venn. Ho heiter Pinky (Jacki Weaver), er gammal og har levd eit veldig spennande liv. Ho er min favorittkarakter i filmen, ein ordentleg omsorgsfull og morosam skrulling.
Viktig bodskap
Som tittelen hintar til, handlar filmen om at Grace mimrar tilbake på livet sitt. Her kjem Sarah Snook si skodespelarevne verkeleg fram. Ein kan høyre angeren og sorga ho ber på.
Det skjer grufulle ting, mange urettferder og det meste av filmen er kvelande håplaus. Likevel er han veldig morosam, nesten litt Roald Dahl-aktig. Filmen klarar å vere feelgood, sjølv om det skjer forferdelege ting. Det er rart å seie, men eit humoristisk høgdepunkt var å sjå korleis Pinky sine ektefellar døydde på skrekkeleg vis.
Sjølv om filmen opererer med tunge tema som sorg, avhengigheit og einsemd, er han optimistisk. Pinky kjem med filmens hovudmoral: Livet kan berre bli forstått baklengs, men må levast framlengs. Dette er ikkje ein fæl film berre for å vere fæl, han har ein viktig bodskap.
Til å grøsse av
Animasjonen passar perfekt til historia. Plassane er skitne og skakke, dette er inga romantisering av Australia på slutten av det førre hundreåret. Folka er rare og gjer ekle ting, folk blør og døyr i hytt og vêr. Filmen minte meg litt om Grizzly Tales for Gruesome Kids, som eg såg på då eg var liten. Til kontrast frå det programmet er ikkje filmen ekkel for å sjokkere, men for å forsterke bodskapen.
Sjølv om karakterane er dokker, er dei lette å relatere seg til. I starten av filmen brekker Gilbert nokon sin finger, og det biletet blanda med lyden sende grøssingar nedover ryggen på meg. Det er noko heilt spesielt med ein godt laga stop-motion-film som ein ikkje får frå andre filmar.
Eg har blitt kjempeglad i denne filmen, og han veks på meg jo meir eg tenkjer på han. Det er nok ikkje ein film for alle, prisen for dei store emosjonelle høgdepunkta er masse tragedie, men eg synest absolutt at det er verdt det. Så viss du er svolten på sniglar, kul stop-motion-animasjon og truverdige framstillingar av sorg og einsemd, er dette filmen for deg.