Overvektsforskar kritisk til auka fysisk aktivitet i skulen: – Utdatert og stigmatiserande

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Kvart sjette norske barn har overvekt eller fedme. No vil regjeringa innføre ein time fysisk aktivitet i skulen dagleg. Trass i positive helseeffektar, skal ein tenke seg godt om før ein innfører det, meiner overvektsforskar.

– Det er mange som vil dra god nytte av meir fysisk aktivitet i skulen, og dei skal vi sjølvsagt ikkje gløyme, men slik fysisk aktivitet ofte gjennomførast i skulen i dag passar ikkje for alle, og det treng vi kunnskap om for å møte på riktig måte.

Det seier Ingeborg Berg Skogen, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Ho har nyleg skrive ei doktorgradsavhandling der ho har forska på ungdommar med overvekt som opplever vektstigmatisering under fysisk aktivitet i skulen.

Gjennom fleire år som kroppsøvingslærar og kontaktlærar kom ho nær fleire såre problemstillingar i møte med elevane sine. Derfor ønskte ho å undersøke nærmare kva det er som gjer at vi er fysisk aktive, og kva som gjer det vanskelegare for nokre.

Ho har intervjua fleire ungdommar som fortel om opplevingane sine med fysisk aktivitet på skulen. Ungdommane likar å vere aktive som alle andre, men dei fortel mellom anna om uvenlege kommentarar frå medelevar, diskriminering i undervisninga og dårleg tilpassa opplegg når dei er aktive.

– Den aller mest sårbare arenaen for å drive fysisk aktivitet for barn og unge med overvekt, er i skulen. Det er der det meste skjer av stigmatisering og mobbing på grunn av vekt. Då synest eg det er uheldig om ein skal putte meir fysisk aktivitet inn utan å ha tenkt seg ordentleg om, seier ho.

Vond sirkel

Folkehelsetilstanden i Noreg tek del i ein overvektstrend som råkar heile Europa. Folkehelseinstituttet opplyser at overvektsstatistikken for barn og unge har stabilisert seg dei siste åra, men framleis har mellom 15 og 21 prosent av barn og ungdom i landet overvekt eller fedme.

Det vil seie om lag 1 av 6. Og andelen aukar mot slutten av tenåra.

Overvekt er ei av dei største helseutfordringane vi står overfor og gir mellom anna auka risiko for ei rekke sjukdommar. Å auke fysisk aktivitet i befolkninga har vore eit tiltak frå styresmaktene for å få bukt med overvektsproblematikken.

I Folkehelsemeldinga tilrår regjeringa at barn og unge mellom 6 og 17 år bør avgrense tida dei sit i ro, og at dei bør vere fysisk aktive i minst ein time kvar dag. No vil sittande regjering gradvis innføre dagleg fysisk aktivitet i skulen. Det er ikkje overvektsforskaren berre positiv til.

– Auka fysisk aktivitet i skulen kan føre til auka vektstigmatisering som igjen fører til at dei ein særleg ønskte å nå aukar i vekt, dersom dette ikkje blir gjort på rett måte. Vi har forsking som viser at det å bli utsett for vektstigmatisering, set i gang ein del fysiologiske og psykologiske prosessar i ungdomskroppen som til slutt endar i ytterlegare vektauke. Då har du eit kontraproduktivt tiltak, seier Berg Skogen.

Ingeborg Berg Skogen har forska på vektstigmatisering hos ungdom med overvekt og håpar funna kan bidra til endring og auka bevisstheit kring oppfølginga av barn og ungdom med overvekt. Foto: Eline Krøvel/ NPK

Ho understrekar at det å vere fysisk aktiv er noko ho synest er veldig viktig, støttar opp om og ønsker at alle kan få ta del og finne glede i. Men tanken om at det skal vere medisin mot overvektsutfordringane i landet er unyansert, meiner ho.

– Fysisk aktivitet som tiltak bør rettast mot inaktive barn. Å setje likskapsteikn mellom barn med overvekt og inaktive barn stemmer ikkje nødvendigvis overeins. Fysisk aktivitet vil ikkje redusere vekt i seg sjølv, men er noko alle treng for å oppretthalde god helse – både dei med gjennomsnittleg vekt, undervekt og overvekt.

Vil auke kompetansen

Det er opp til skulen og kommunane sjølve korleis dei vil legge opp den daglege fysiske aktiviteten. Det er her Berg Skogen meiner styresmaktene kan trå feil.

– Slik ordninga er no, er det opp til skulane sjølv korleis dei vil organisere det, og det betyr at kven som helst kan ta ansvaret for det. Då sit ein fort igjen med nokon som ikkje nødvendigvis har kompetanse til å møte dei behova som er.

Men går det faktisk an å lage eit opplegg som er tilpassa absolutt alle?

Berg Skogen meiner auka kompetanse på området er vegen å gå. Då er det absolutt mogleg å få til eit opplegg for fysisk aktivitet i skulen som famnar om alle. Ho meiner ein bør starte med å utdanne fleire kroppsøvingslærarar og anna personale på skulen som kjenner til denne problematikken og veit kva det handlar om.

1 av 6 barn og unge i Noreg har overvekt eller fedme. Regjeringa vil innføre ein time fysisk aktivitet dagleg i skulen som tiltak. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB / NPK

– Ein må tenke litt annleis. Ein må tenke mindre grupper, meir usynleg aktivitet, det må vere lystprega, barna må vere saman med andre dei er trygge på og ha fleire valmoglegheiter der det er rom til å føle på meistring og bevegelsesglede. Det er vanskeleg å seie kva styresmaktene skal gjere, men ein bør i alle fall ta med stemmene til barna og ungdommane det gjeld.

Krev haldningsendring

Per Morten Fredriksen er fysioterapeut og professor ved Høgskulen i Innlandet. Han har forska på auka fysisk aktivitet i barneskulen. I studiane sine har han funne at fysisk aktivitet mellom anna er knytt til auka livskvalitet og forbetring av skuleprestasjonar.

– Meir fysisk aktivitet er veldig viktig for alle, og på skulen treff ein alle barn uavhengig av sosiale lag og vektklasser. Det finst mange årsaker til overvekt, men få kurar, så å forhindre at barn får overvekt bør vere målet. Det er det einaste som faktisk verkar. I tillegg vil det redusere belastninga i samfunnet og er dermed positivt både for samfunnet og den enkelte, seier Fredriksen.

Per Morten Fredriksen ved Høgskulen i Innlandet har forska på gevinstane ved meir fysisk aktivitet i skulen. Foto: Privat

Til liks med Fredriksen, understrekar Berg Skogen at førebygging må vere målet, og at det kan vere mange årsaker til at nokre utviklar overvekt.

Ifølge tal frå Folkehelseinstituttet (FHI) er det ingen assosiasjon mellom vektstatus og kor mykje tid som er brukt i fysisk aktivitet blant 15-åringar i Noreg. Likevel er det knytt negative stereotypiar og stigma til dei med overvekt som handlar om latskap, uakseptabel utsjåanad og mangel på viljestyrke. Mellom anna rapporterte ungdommane som deltok i forskinga til Berg Skogen om ei kjensle av å ikkje vere aksepterte av medelevane sine, og om at dei følte seg usikre og forskjellsbehandla i situasjonar med fysisk aktivitet.

– Mykje ligg bak og kan forklare kvifor nokon får overvekt. Kosthald, gener og miljø speler mellom anna inn. Å rekvirere fysisk aktivitet og mindre mat som medisin for menneske med overvekt trur eg er heilt feil inngang, for det er ikkje berre det det handlar om. Då er det forventa ein sjølvdisiplin utan sidestykke som dei fleste av oss ikkje er i stand til, seier ho.

Ungdommane Berg Skogen har snakka med, er under oppfølging av skulehelsetenesta. Retningslinjene for behandling av overvekt hos barn og unge tilrår først og fremst fysisk aktivitet og kosthaldsjusteringar.

– Retningslinjene er stigmatiserande i seg sjølve når dei framstiller dei med overvekt som nokon utan kunnskap om dette. Det er ikkje nokon som veit betre at fysisk aktivitet og eit sunt kosthald er viktig, enn dei ungdommane som har fått oppfølging i mange år. Mykje har skjedd sidan 2010, då retningslinjene vart laga, så dei er modne for revidering, seier ho.

Nokre av funna ho har gjort i forskinga si, håpar ho kan vere med på å belyse ein samansett problematikk i større grad og bidra til haldningsendring generelt i samfunnet.

– Vi må vekk frå ei forståing i samfunnet om at det er latskap og mangel på sjølvdisiplin som fører til overvekt. Det må handle om å akseptere dei kroppane som er, og endre fokuset frå korleis ein ser ut til kva ein får til med kroppen, avsluttar Berg Skogen.


Birollekonge John Goodman, her i Hangover 3, toppar ikkje listene over best betalte skodespelarar, men har definitivt ei løn å leve av. Foto/Copyright: MELINDA SUE GORDON/ WARNER BROS.