Kortvaksne og overvektige tener mindre
Både kroppsvekt og høgd kan påverke lønnsnivået, viser ein ny britisk studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vekt og høgde påverkar løna
Ifølgje studien, som er publisert i tidsskriftet British Medical Journal, tener både kortvaksne menn og overvektige kvinner mindre enn andre.
Studien byggjer på analysar av dei arvelege disposisjonane for å bli kortvaksen eller overvektig hos 120.000 britiske menn og kvinner i alderen 37– 73 år. Forskarane kom altså til at personar med genetiske anlegg for å bli kortvaksne eller overvektige, får dårlegare betalt enn andre som gjer same jobben, skriv CNN.
LES OGSÅ: Homofile får dårlegare løn
Menn med anlegg for å bli høge tente rundt 35.000 kroner meir i året enn dei med kortvaksen-gen. For kvinner spelte ikkje høgda noka rolle, men det gjorde derimot vekta. Kvinner som var genetisk disponerte for overvekt, tente litt over 20.000 kroner mindre enn dei arveleg slanke. For menn påverka derimot ikkje vektgenet lønna.
Forskarane fann elles at både menn og kvinner som har genetiske anlegg for å få ein høgare kroppsmasseindeks (BMI), oftare vel lågutdanningsyrke. (©NPK)
LES OGSÅ: Så mykje mindre tener kvinnene