Eteforstyrringar: – Du kan ikkje sjå på ein person at dei slit

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Saka var først publisert i Framtida Junior, søsteravisa tl Framtida.no.

Kvinne med blondt hår og kvit genser

Marianne Clementine Håheim. Foto: Lene Fossdal

– Mange trur at dei einaste som kan ha eteforstyrringar er unge jenter som er veldig tynne, men dei aller fleste har det ikkje sånn, fortel Marianne Clementine Håheim i ROS.

Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS) er ein organisasjon som jobbar for å hjelpa personar som slit med mat og kropp. Håheim meiner mange har misoppfatningar kring kva eteforstyrringar er, korleis dei fungerer og kven som kan ha dei.

– Det har eigentleg ganske lite å gjera med korleis kroppen ser ut. Mykje av det handlar om vonde tankar og kjensler som surrar i hovudet. Om du tenkjer så mykje på mat og kropp at det blir vanskeleg å tenkja på andre ting, eller vera med på ting du plar synest er kjekt, kan det vera fint å snakka med nokon, seier ho.

Handlar ikkje berre om kropp

Alle kan ha eteforstyrringar, uavhengig av kjønn, alder, vekt og helse. Eteforstyrringar er psykiske sjukdommar, som betyr at den utviklar seg i hovudet. Ein person med eteforstyrring kan sjå heilt vanleg ut og verka som at dei har det fint, men ha det vondt på innsida.

– Du kan ikkje sjå på ein person at dei har ei eteforstyrring, fortel Håheim.

Under pandemien opplevde mange fleire å slita med mat og kropp. Mange sat heime, isolerte og kjende på frykt og utryggleik, livet var veldig uføreseieleg i den perioden.

– Det gjorde at mange begynte å ty til mat og kropp for å ha noko som dei kunne kontrollera medan alt var vanskeleg, seier ho.


Interessepolitisk rådgjeravr i Ros – Rådgiving om spiseforstyrrelser, Marianne Clementine Håheim, etterlyser meir fokus på psykisk helse i fedmebehandling. Portrett: Lene Fossdal. Illustrasjonsfoto: I Yunmai

Treng du nokon å snakka med?

Om du har spørsmål om eteforstyrringar eller treng nokon å snakka med kan du kontakta ROS på nettsida nettros.no

Spiseforstyrrelseforeningen har òg ein informasjons- og krisetelefon der du kan få råd, hjelp og nokon å snakka med 22 94 00 10.