Politikk og samfunn

«Svennebys utspel dummar ned samfunnsdebatten»

Det er skremmande at leiaren i ei ungdomsorganisasjon kjem med eit så drastisk, fordummande og forenkla utspel, skriv leiaren i Changemaker.

Marte Hansen Haugan (23)
Leder i Changemaker
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Leiaren for Unge Høgre, Ola Svenneby, går hardt ut i Aftenposten og krev full innvandringsstopp. Han seier at: «Vi får eit samfunn som er i ferd med å falle frå kvarandre», og ser full stans i både kvoteflyktningar og familiegjenforeining som den einaste løysinga.

Det er skremmande at leiaren i ei ungdomsorganisasjon kjem med eit så drastisk, fordummande og forenkla utspel. Slik retorikk som Svenneby nyttar, er både skadeleg for samfunnsdebatten og dummar ned reelle problemstillingar. Det er ikkje mangfaldet som er problemet.

Brot på menneskerettar

Å ha moglegheita til å søkje asyl er ein grunnleggjande menneskerett. Ved å røske ved denne moglegheita og stenge grensene, slik Svenneby vil, fører vi både Noreg og resten av verdssamfunnet i heilt feil retning.

quote-left

Verda i dag står ovanfor fleire store utfordringar som vi er nøydde til å løyse saman

quote-right

Verda i dag står ovanfor fleire store utfordringar som vi er nøydde til å løyse saman. Då kan vi ikkje isolere oss frå resten av verda og seie at vi som eit av verdas rikaste land ikkje vil hjelpe menneske i naud.

Trist tendens

Svennebys utspel om flyktningar passar inn i ein trist tendens. Tidlegare i sommar kom Svenneby også med eit frontalangrep på norsk bistand. Han stilte spørsmål ved om bistand eigentleg har særleg effekt og bidrar til positiv utvikling i verda.

Båe desse utspela er svært lite nyanserte og stemmer ikkje overeins med verkelegheita. Bistand fungerer og har svært god effekt, og vi bør heller ikkje stenge grensene for alle flyktningar. Konsekvensane av denne politikken ville vore katastrofale.

Ord betyr noko

Eg er meir uroa for at samfunnet vårt kan falle frå kvarandre gjennom splitting og grunnleggjande brot på menneskerettar, slik Svenneby argumenterer for. Orda vi brukar betyr noko, og slike forenkla løysingar på komplekse problemstillingar kan potensielt gjere stor skade.

quote-left

Då treng vi ein diskusjon som ikkje polariserer eller splittar

quote-right

Som leiar i Changemaker er eg først og fremst oppteken av å skape eit rettferdig samfunn, enten det er i Oslo, Noreg eller resten av verda. Det betyr at vi må rette søkjelyset mot strukturelle samfunnsproblem og diskutere konstruktive løysingar.

Då treng vi ein diskusjon som ikkje polariserer eller splittar, men som tar omsyn til det minste kravet, som er å følgje grunnleggjande menneskerettar. Eg synest det blir vanskeleg med slike utspel som Svenneby kjem med.