Reagerer på sommarleir-reklame: – Oppmodar unge til å utsetja betaling

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg reagerer på innlegget til Hordaland Unge Høgre fordi eg synest det er urovekkande at eit ungdomsparti med så mykje påverknadskraft oppmodar unge til å utsetja betaling med faktura, spesielt i den tida me lever i i dag.

Det skriv internasjonalt ansvarleg i fylkesstyret til Vestland AUF, Inger Christin Hystad Barane, i ein e-post til Framtida.no.

18-åringen frå Stord er òg nestleiar i Sunnhordland AUF, og står på 8.-plass for Arbeidarpartiet på Stord til årets kommunestyreval.

Ho reagerer på ein Instagram-post frå Hordaland Unge Høgre, der partiet ramsar opp «Dårlege grunnar til å ikkje kome på sommarleir».

Ein av grunnane ungdomspartiet ramsar opp er «Eg har ikkje pengar akkurat no», der dei svarar med «Du kan betala med faktura».

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Hordaland Unge Høyre (@hordalandungehoyre)

– Mange av oss slit med økonomien

Unge Høgre sin sommarleir vert arrangert 31. juli-3. august på Tromøya i Arendal og kostar 800 kroner per person, uavhengig av om ein søv i telt eller hytte.

Barane er ein av fleire som har reagert på fylkeslaget si oppmoding til å utsetja betalinga.

– Innlegget viser kor lite fotfeste Unge Høgre har i kvardagen til oss unge. Mange av oss slit med å få økonomien og kvardagen til å gå rundt, skriv Barane.

Ho erkjenner at innlegget kanskje var tenkt humoristisk, men ser ikkje humoren og meiner det latterleggjer andre sin økonomi.

– Absolutt ikkje greitt

– Sjølv er eg lite overraska over at Unge Høgre mobiliserer på denne måten, med tanke på politikken deira. Dei aller rikaste har moglegheit til å betale ting med faktura og utsette betalingar til haugen med rekningar løftar seg. Det viser atter ein gong kven Unge Høgre og høgresida er til for: Dei aller rikaste.

Barane løftar fleire kjernesaker for AUF, mellom anna å forby reklame for forbrukslån retta mot unge.

– Samstundes er det mange i dag som slit med økonomi som gjerne har lyst å bli med på ulike aktivitetar om sommaren, men ikkje har råd. Då synest eg det absolutt ikkje er greitt av Unge Høgre å nærast gjera narr av dei og seia til unge som slit økonomisk at det er ein «dårleg grunn».

Hordaland Unge Høgre: – Klønete formulert

Leiar i Hordaland Unge Høgre, Sondre Hillestad, har fått med seg kritikken av Instagram-posten.

– Lat meg berre først få seia det klinkande klårt at økonomi aldri skal vera eit hinder for at nokon skal få delta på Unge Høgre sin sommarleir. Me dekkjer sjølvsagt eigendelen om medlemmar ikkje har råd til å betala sjølv, seier Hillestad på telefon til Framtida.no. 

– Det var litt klønete formulert, men vår intensjon står seg. Dette er ein faktura ein kan betale i ettertid utan nokon seinkingsrenter og det kjem ikkje til å gå til inkasso, forsikrar han.

Leiar i Hordaland Unge Høgre, Sondre Hillestad. Foto: Privat

– Hol kritikk frå AUF

Hillestad meiner Barane slår politisk mynt på Instagram-innlegget og at ho unnlèt å nemna at prisen for sommarleiren for medlemmar i AUF i Vestland er på 1600 kroner. 

Medan nokre fylkeslag får delta gratis, betalar andre frå 200 kroner til 1600 kroner.

Ungdomspolitikaren vil heller diskutera korleis ein kan betra økonomien til unge i skuledebattane fram mot lokalvalet.

– Dette meiner eg er hol kritikk frå AUF. Som tillitsvald i eit ungdomsparti veit Barane kor mange timar og kor mykje engasjement som er brukt på dette, så kjem eit litt lite gjennomtenkt forsøk på å få så mange som mogleg med på sommarens vakraste eventyr.

Han meiner AUF bryt med den gode tonen i debatten, som ungdomspartia ofte har fått skryt for.

– Eg synest det er eit skamlaust spel på fordommar mot Unge Høgre sine medlemmar, og oppmodar Barane til å koma på eit møte med engasjerte Unge Høgre-politikarar, som jobbar for å skapa eit betre samfunn og seia at dei «ikkje har fotfeste i kvardagen til unge» eller at deira engasjement berre tener dei rike, seier Hillestad.

Bilete frå Unge Høgre sin sommarleir 2022, som var Hillestad sin første. Foto: Privat

Fryktar fleire droppar sommarleir

Barane i AUF har sjølv delteke på politiske sommarleirar dei siste åra, men går i år glipp av hendinga på grunn av sommarjobb. 

– Er du redd for at politisk engasjerte unge droppar sommarleirane på grunn av trong økonomi?

– Det er absolutt noko eg er redd for då eg ser at fleire og fleire unge slit med økonomi, spesielt etter høgresida sat i regjering i åtte år. Dette er òg grunnen til at me i AUF gjer alt me kan for at alle skal kunna delta uavhengig av økonomisk bakgrunn.

Ho er oppteken av at partiet skal ha eit mangfald av alder, kjønn, etnisitet, bakgrunn og økonomi som kan snakka på vegner av dei unge og representera dei i størst og best mogleg grad.

– Me vil ikkje at økonomien skal stoppa nokon frå å delta på politiske arrangement då våre unge stemmer er så utruleg viktige å få fram.

Oppmodar alle til å dra på sommarleir

Når det gjeld påmeldinga til årets sommarleir er ungdomspolitikaren frå Unge Høgre strålande nøgd med deltakinga frå sitt lokallag. Så langt er det 25 påmelde frå Hordaland Unge Høgre, noko som er på høgd med deltakinga før pandemien. 

Sjølv deltok Sondre Hillestad på Unge Høgre sin sommarleir for første gong i fjor.

– Det var kjempegøy og eg oppmodar alle, uavhengig av om dei er med i AUF eller Unge Høgre, til å delta på sommarleir. Det er ei fantastisk moglegheit til å møte unge engasjerte frå heile landet.


Jane-Victorius Bonsaksen, leiar i Skeiv ungdom. Foto: Ingvild Eide Leirfall