Nedgang i kvinnenandelen på listene til lokalvalet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

53 300 personar stiller til kommune- og fylkestingsvalet i haust. 23 260 av desse er kvinner, viser tal frå SSB.

Det gir ein kvinneandel på 42 prosent, noko som er på nivå med andelen frå valet i 2011. Dette er likevel ein nedgang på 0,7 prosentpoeng samanlikna med valet i 2019.

Førre under 40

Blant partia som er representerte på Stortinget er det to parti som har fleire kvinner enn menn på listene. SV og Raudt har ein kvinneandel på høvesvis 56 og 51 prosent. I den andre enden av skalaen ligg Høgre og Frp, med ein andel på høvesvis 36 og 27 prosent.

Også når det gjeld alder har det skjedd ei negativ utvikling. Samanlikna med valet i 2019 er det færre under 40 år som stiller til val. Samtidig er 40 prosent av alle kandidatane menn mellom 40 og 75 år.

Listetoppar

Når det gjeld listetoppar er kvinnenandelen endå lågare. Blant dei kandidatane partia har på første plass er 33 prosent kvinner. Samtidig er det ingen av partia som har over 50 prosent kvinner blant listetoppane sine.

SV har høgast kvinnenandel på toppen av listene sine, med 47 prosent. I motsett ende er Frp, med 23 prosent kvinner på toppen av listene sine.

Det er ingen parti som stiller lister i alle kommunar. Arbeidarpartiet stiller lister i flest kommunar, etterfølgt av Senterpartiet og Høgre.


Illustrasjonsfoto: Valdirektoratet/Flickr