Droppar forslag om å senke den seksuelle lågalderen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

For Senterpartiets del ser vi ingen grunn til å senke den seksuelle lågalderen. Det er ikkje eit sterkt ønske blant barn og unge sjølv, og kan kanskje heller vere med på å auke presset på seksuell debut, seier stortingsrepresentant Ivar Prestbakmo (Sp) til Vårt Land.

Heller ikkje Arbeidarpartiet vil gå vidare med forslaget.

– Å setje ned den seksuelle lågalderen i Noreg, har eigentleg ikkje vore eit tema for Arbeidarpartiet no. Det har ikkje vore noko stort krav verken frå folk eller det politiske miljøet, seier Maria Aasen Svensrud, juridisk talsperson i partiet, til avisa.

Straffelovsrådet foreslo før jul å senke den seksuelle lågalderen frå 16 til 15 år. Rådet vurderte mellom anna at barn byrjar den seksuelle sjølvråderetten sin frå dei er 15 år og ikkje 16 år som i dag.

Regjeringa vil likevel ikkje ta forslaget vidare, og det blir dermed ingen forslag frå Justisdepartementet om å endre straffelova.


Les også: «Samfunnet må halde fram å styrke vernet av mindreårige – dette skjer ikkje ved å senke den seksuelle lågalderen!»

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) mottok rapporten der Straffelovrådet har greia ut straffelovas kapittel om seksuallovbrudd frå utvalsleiar Linda Gröning måndag 19. desember.
Foto: Javad Parsa / NTB , Privat. Kollasj: Framtida.no