Hasnain (20): – Det gir ei god kjensle å hjelpe andre

Edvard Storm Simonsen
Publisert

– Gjennom frivillig arbeid får du moglegheita til å lære om ulike samfunnsproblem og utfordringar som eksisterer, og prøve å løyse dei. Det motiverer meg. 

Det skriv vinnaren av Frivillighetsprisen for 2022 Hasnain Asghar til Framtida.no i ein e-post. Han er berre 20 år gammal, men har allereie rokke å drive med frivillig arbeid i fleire år.

Ung mann smiler og viser tommel opp

Hasnain Asghar (20). Foto: Privat

Vegen til frivilligheit

Asghar kom inn i frivilligheita sommaren 2019. Han skulle eigentleg ha ein betalt trevekers sommarjobb i bydel Stovner, men han treivst så godt i den frivillige organisasjonen Líf Laga at han heller jobba der i tre veker, utan å få betalt. Etter det starta han å jobbe der fast som frivillig.

Líf Laga er eit prosjekt der ungdommar frå Stovner jobbar saman for å lage eplemost. Dei bidrar i prosessen heilt frå trea vert planta, til mosten vert seld på flaske. Overskotet går tilbake til dei lokale ungdommane. 

– Líf Laga er ein organisasjon som viser at det er mogleg å få til noko, sjølv om ein ikkje har dei beste føresetnadene. At ein kan skape flotte ting og endringar, saman, seier Asghar. 

Vann Frivillighetsprisen

For innsatsen i Líf Laga fekk Asghar Frivillighetsprisen for 2022, som den nest yngste vinnaren nokosinne. Prisen vart overlevert av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. I salen var også mellom anna kronprins Haakon og stortingspresident Masud Gharahkhani. 

– Han er eit stort førebilete for mange i nærmiljøet og bidrar til å engasjere ungdom i frivilligheita, sa Stian Slotterøy Johnsen, generalsekretær i Frivillighet Norge, om prisvinnaren. 

Hasnain Asghar (20) fekk Frivillighetsprisen 2022 frå kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap). Foto: Frivillighet Norge

Kulturgryta

I tillegg til å vere med i Líf Laga, grunnla Asghar, saman med kompisen Yahya Naser, ungdomsbedrifta Kulturgryta. Der kan mødrer med ulik minoritetsbakgrunn møtast for å lage mat frå forskjellige kulturar, kvar gong frå eit nytt land. Ifølge Asghar handlar det om meir enn å selje mat, dei tenkjer også på dei som ikkje får mat.

– Det er enkelt, kjøp ein tallerken og du er med på å gi bort ein tallerken til det landet vi presenterer kvar laurdag, seier Asghar. 

Deler av overskotet frå Kulturgryta har også vorte brukt til å lage ein vassbrønn i Bangladesh og å sende over 100 naudpakker til vanskelegstilte i Palestina. 

Ein eldre og to yngre menn står rundt eit nyplanta epletre

Líf Laga får besøk av byrådsleiar i Oslo Raymond Johansen (Ap). Foto: Privat

– Gir mange moglegheiter

Frivilligheita fekk seg ein knekk under koronapandemien og er enno ikkje tilbake på nivået det låg på før pandemien. Av dei frivillige som fall frå er det dei unge som er vanskelegast å få tilbake. Asghar synest at fleire burde prøve å arbeide frivillig, og det er det fleire grunnar til. 

– Det gir ei god kjensle å hjelpe andre, og det gir deg moglegheit til å gjere ein positiv forskjell i samfunnet. Du kan lære og utvikle viktige ferdigheiter som vil vere nyttige i framtida. Det gir deg også moglegheit til å utforske ulike område og finne ut kva som verkeleg interesserer deg. 

Asghar trekker også fram at frivillig arbeid kan gi deg nyttig kjennskap til folk. 

– Du får møte og samarbeide med menneske med forskjellige bakgrunnar i forskjellige aldersgrupper. Det blir sagt at «network is net worth».

Skaper møteplassar

Ung mann i dress møter middelaldrande par

Hasnain Asghar (20) møter kronprinsparet i samanheng med Frivillighetsprisen 2022. Foto: Privat

Det er ikkje berre personleg vinning ein får ut av frivilligheit. Fellesskapet tener også på det, ifølge Asghar. 

– Frivillige organisasjonar kan skape møteplassar der menneske frå ulike kulturar og bakgrunnar kan verte kjent med kvarandre. Det bidrar til å bygge fellesskap og å styrke samhøyret i lokalsamfunnet. 

Frivillig innsats kan også ha ein god effekt for integreringa, meiner Asghar. Sjølv er han frå Stovner, ein bydel i Oslo der over halvparten av befolkninga har innvandrarbakgrunn. 

– Det kan gi moglegheit til kompetanseutvikling, som igjen kan auke sjansen for sysselsetting blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.

Eldre mann og ung mann sitt i sofa og helser med albogene.

Frivilligheit gir stort nettverk seier Hasnain Asghar (20). Her med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Foto: Privat

Planane er klare

For tida er Asghar fulltidsstudent ved OsloMet, der han studerer Administrasjon og leiing i offentleg verksemd. Ved sida av studia jobbar han for å ha ei inntekt. Men ferdig med frivilligheit er han ikkje. 

– Eg vil nok jobbe frivillig vidare fordi det opnar så mange gode og verdifulle dører. Eg vil starte min eigen organisasjon der ungdommar er sentrale, og som har som mål å hjelpe folk i nød, seier han. 

Studenten har planane klare.

– Planane mine for framtida er å få ei topputdanning, bygge eit ressurssterkt nettverk både nasjonalt og internasjonalt og å hjelpe mange vanskelegstilte personar som har behov for hjelp.


Zeshan Shakar fotografert som ung og vaksen

Zeshan Shakar reknar med han er litt yngre enn 20 år på biletet til venstre. Foto: Privat og Erika Hebbert/Gyldendal