Fallande medlemstal i barne- og ungdomsorganisasjonar: – Dei verste effektane av covid kjem no

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein drastisk nedgang. Dei verste effektane av covid kjem no, dei kom ikkje i 2021 eller 2022.

Det seier leiar i Europeisk Ungdom, Kristine Meek Stokke, til Framtida.no.

Rundt 30 prosent nedgang

Organisasjonen hadde 727 medlemmar under 26 år i 2019 og 2020, før talet sokk til 675 i 2021.

– I 2022 trur eg fort me er nede i 500, kanskje under det, seier Meek Stokke.

Medlemmar under 26 år er særleg viktig for barne- og ungdomsorganisasjonar med tanke på støtte. Difor har det mindre å seia at tala på medlemmar opp til 30 år har auka frå 1126 til 2060 i 2021.

Meek Stokke trur medlemsnedgangen blant dei yngste skuldast at terskelen for å engasjera seg er høgare.

LNU: – Eit ganske dystert bilete

Fleire ropar varsku om at barn- og unge fell frå idrett og organiserte fritidsaktivitetar.

Tal henta inn av VG viser at det har vorte 114 000 færre medlemmar i organisert barne- og ungdomsaktivitet i løpet av koronapandemien.

Også Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) har merka nedgangen. Ein rapport dei lanserte tysdag viser at dei fleste organisasjonane har ein medlemsnedgang på 10 prosent.

Nokre har heile 30 prosent nedgang.

– Me er ganske bekymra. Eg trur biletet er nyansert, men kartlegginga viser eit ganske dystert bilete, seier LNU-leiar, Margrete Bjørge Katanasho, til Framtida.no. 

Margrete Bjørge Katanasho på Kulturhuset i Oslo

Leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Margrete Bjørge Katanasho, ber politikarane om hjelp til å betra kåra for norske barne- og ungdomsorganisasjonar. Foto: Clara Indine Husabø

Krev auka støtte

Det har vore vanskeleg å reisa seg att etter pandemien og framleis er det vanskeleg å rekruttera nye medlemmar, konkluderer Katanasho.

Ho er oppteken av dei økonomiske ringverknadane medlemsnedgangen har for organisasjonane og har difor fleire krav til regjeringa. Organisasjonen fryktar ein negativ spiral der dårleg økonomi fører til mindre aktivitet og rekruttering.

LNU overleverte rapporten og bodskapen under ein konferanse med barne- og familieminister Kjersti Toppe.

– Eg trur me skal koma oss heilskinna gjennom pandemien, men det krev at me har støtte frå politikarane, understrekar LNU-leiaren.

LNU krev mellom anna:

  • Auka grunnstøtte til organisasjonane og enkle støtteordningar, som går over tid.
  • Betre system for utlån av lokale, til dømes gjennom finansiering av portalen til LNU.
  • Forenkla og avbyråkratisera ordningane for den frivillige innsatsen

Toppe: – Eit budsjettspørsmål

– Det blir jo eit budsjettspørsmål, så det er vanskeleg å seia no, svarar barne- og familieminister Kjersti Toppe på spørsmål om dei vil auka grunnstøtta for barne- og ungdomsorganisasjonane.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe får rapporten av LNU-leiar Margrete Bjørge Katanasho. Foto: Clara Indine Husabø

Ministeren viser til at regjeringa auka grunnstøtta med fire millionar i 2022 og at det har vore ein auke i tilskotsordninga for inkludering av barn og unge, men lyttar til innspela som kjem.

– Eg er jo uroa for det dei tek opp med at det er lågare aktivitet, seier Toppe, og peikar på at den vanskelege situasjonen organisasjonane var i under pandemien vedvarar.

– No er det eit etterarbeid. Me er i ein situasjon der me må få opp att aktiviteten, seier Toppe.

Demokrati, oppvekst og psykisk helse

Leiaren i Europeisk Ungdom fryktar at fleire sit isolert, noko som kan gå ut over den psykiske helsa og at unge si stemme ikkje blir høyrt.

– Du får mindre demokratiopplæring blant ungdom. Ein har færre plattformer der ungdom kan engasjera seg. For oss har me sett at EU har blitt kjempeaktuelt siste året, likevel er det færre som engasjerer seg, og det gir jo ikkje heilt meining.

Leiar i Europeisk Ungdom, Kristine Meek Stokke, meiner politikarane må heva grunnstøtta. Foto: Clara Indine Husabø

Også Barne- og familieministeren er oppteken av korleis deltaking i organisasjonar er viktig for både demokrati, oppvekst og den psykiske helsa.

– Det er veldig grunnleggjande at me får opp att den deltakinga, og då er barne- og ungdomsorganisasjonane viktige, understrekar ho.


Les intervju med William (17): – Eg trur den frivillige innsatsen treng at det er fleire unge med

William Matteus Fonn (17) frå Namsos vann skrivekonkurransen om fritid, arrangert av Framtida.no og Foreningen! les. Foto: Karoline Fonn