Politiet innfører kjønnsnøytrale uniformsreglar
Tidlegare måtte politifolk bruke uniformer som var godkjend for kvar enkelt sitt biologiske kjønn. No skal dei sjølv få velje kva uniformer dei vil bruke.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Uniformsreglementet blir oppdatert for å reflektere samfunnsutviklinga og for at praksisen til politiet skal vere i tråd med diskrimineringslovgivinga om kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, seier seksjonssjef Torgeir Haugen i Politidirektoratet til Politiforum.
Politidirektoratet skriv på nettsidene til politiet at «endringa i uniformsreglementet er et viktig steg i arbeidet med mangfald og inkludering i etaten og i oppfølgingen av handlingsplan for mangfald, dialog og tillit».
– Neste steg er å sjå på moglegheita for å opprette kjønnsnøytrale toalett og garderobar, skriv Politidirektoratet på intranettet til politiet «Kilden» torsdag, ifølgje Politiforum.