Virgin Atlantic let tilsette velje uniform og passasjerar kjønnskategori – dette svarar norske flyselskap

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I slutten av september annonserte det britiske flyselskapet Virgin Atlantic at dei no vil la kabintilsette sjølv velje kva uniform dei brukar uansett kjønnsidentitet. Ei kvinne kan velje å gå i bukse eller skjørt, og det same kan ein mann.

– Det er så viktig at vi gjev folka våre mogelegheita til å omfamne individualiteten sin og vere seg sjølv på jobb, sa kommersiell direktør, Juha Järvinen, til The Guardian.

Personar med nøytral kjønnskategori i passet sitt skal kunne bestille flybillettar med kjønnsnøytrale kodar og tittelen Mx, heller enn dei kjønna Ms., Mr. eller Mrs. I tillegg skal både tilsette og passasjerar kunne få eit pronomen-skilt om dei vil.

Virgin Atlantic har òg laga pronomenskilt som både tilsette og passasjerar kan bruke. Foto: Virgin Atlantic

Framtida.no har spurt flyselskapa Widerøe, SAS, Norwegian og Flyr kva deira uniformskrav er, og kor vidt det er aktuelt for dei å innføre ein tredje kjønnskategori når ein bestiller billettar.

Flyr: Mannleg tilsett kan ikkje bruke skjørt

Flyr opplyser om at dei i dag har ein basisuniform med jakke og bukse for alle, og ulike variantar av skjorter, toppar, genserar og cardigan, alt etter vêr og vind. Ytterjakker og sjal eller skjerf er like for alle.

Anita Svanes er kommunikasjonsdirektør i Flyr. Foto: Flyr

– I tillegg har vi etter ønske frå tilsette utvikla fleire valalternativ som skjørt, kjole og ein tunika, opplyser kommunikasjonsdirektør Anita Svanes på e-post til Framtida.no.

Flyselskapet både tillèt og oppmodar kabintilsette til å bruke kvite joggesko på jobb for å ta vare på føtene.

– Kan ein mannleg kabintilsett hos Flyr velje å bruke skjørt?

– Nei, men dette har det heller ikkje vore eit spørsmål hos oss om til no.

Det er heller ikkje aktuelt for selskapet å innføra ein kjønnsnøytral kategori for passasjerar.

Nei, i Noreg gjeld det kjønn som er registrert i passet. Per no to kjønn.

Flyr opplyser om at ein må oppgje kjønn når ein bestiller flybillettar fordi ein frå operativ side brukar gjennomsnittsvekt per passasjer til å rekne ut vekt og balanse i flyet. Samstundes er drivstofforbruket basert på samla totalvekt.

Om ein person kjem frå land med tredje kjønnskategori, som Tyskland, Canada, USA og Australia, må vedkomande likevel velje mellom to kjønn hjå Flyr.

Slik ser uniformene i Flyr ut i dag. Foto: Flyr


SAS: – Ei kvinne kan velje uniforma for menn

– Frå vår side er det sjølvsagt mogeleg at til dømes ei kvinne vel uniforma for menn, opplyser uniformsansvarleg i SAS.

SAS svarar ikkje på spørsmål om ein mannleg tilsett kan bruke skjørt.

Flyselskapet informerer om at SAS-reglementet ikkje seier noko om at ein må bere uniform ut frå kjønnstilhøyrsle, utanom at ein vel den modellen som passar best.

– Det er til og med OK å blande plagg frå dei to ulike kolleksjonane.

Slik har uniformene til SAS sett ut sidan 2016. Foto: SAS

SAS har ingen krav til hælar eller sminke, men dersom ein vel å bruke sminke lyt ho vere diskré. Det same gjeld om ein har smykke på seg – då lyt det vere diskré og ingen religiøse symbol.

– Det kan vere verd å nemne at vi i utviklingsarbeidet freistar å gjere så mange av våre artiklar som mogeleg unisex, og at ein skal kunne kjenne seg bekvem i dei uansett kjønnsidentitet- eller uttrykk.


Widerøe: – Skal ikkje sjå vekk frå endringar

Tradisjonelt deler Widerøe sine uniformselement inn i kategoriane kvinner og menn, der nokre element som bukse og vest er alternativ for begge.

Tilsette vel sjølv kva kombinasjon hen vil kle seg i, opplyser Widerøe. Til dømes kan kvinnelege kabintilsette velje mellom bukse, skjørt og kjole.

– Kan ein mannleg kabintilsett hos Widerøe velje å bruke skjørt?

Lina Lindegaard Carlsen er kommunikasjonsrådgjevar i Widerøe. Foto: Widerøe

– Skjørtet står tradisjonelt oppført som eit valfritt element under kategorien for dei kvinnelege kabintilsette. Dersom ein av våre mannlege kollegaar skulle ytre eit ønske om dette, vil vi sjølvsagt ta det opp til vurdering. Vi er eit flyselskap i endring, og gjer stadig nye tilpassingar etter innspel.

Det fortel kommunikasjonsrådgjevar Lina Lindegaard Carlsen på e-post til Framtida.no.

Flyselskapet har ikkje noko krav om at kvinnelege tilsette må bruke sminke på jobb, og det er fritt val mellom ulike skotypar både med og utan hæl.

– Naturlegvis noko vi vil vurdere

– Er det aktuelt for Widerøe å gjere endringar à la dei hjå Virgin Atlantic?

– Det skal du ikkje sjå vekk frå, svarar Lindegaard Carlsen.

Widerøe-uniformene er stadig i endring, og flyseksapet har eit eige uniformsutval. Flyselskapet fortel at uniformsreglane utviklar seg for å imøtekome dei tilsette, sett opp mot tryggleiken om bord.

Widerøe peikar, som dei andre flyselskapa på at passasjerar lyt velje kjønn av sikkerheitsomsyn. Dei brukar opplysningane til å rekne ut estimert totalvekt på passasjerane ved hjelp av ein internasjonal bransjestandard.

Om ein utanlandsk passasjer som har ein tredje kjønnskategori i passet sitt, skal bestille flybillett hos Widerøe, lyt hen velje anten kvinne eller mann.

– Er det aktuelt for Widerøe å innføre ein tredje kjønnskategori?

– Dersom det vert innført ein tredje kjønnskategori i norske pass og det vert utarbeidd oppdaterte standardar for utrekning av vekt- og balanse, er dette naturlegvis noko vi vil vurdere.

Widerøe har eit ønske om at både passasjerar og kollegaar skal føle seg aksepterte uavhengig av kjønnskategori, seksuell legning, kultur eller livssyn, fortel flyselskapet.

– Vi er opptekne av mangfald og ønskjer å legge til rette for at både passasjerar og tilsette skal føle at dei kan vere seg sjølv, anten det er på reise eller på jobb.


Norwegian: – Naturleg å vurdere tilpassingar

Eline Hyggen Skari er senior kommunikasjonsrådgjevar i Norwegian. Foto: Thomas Brun NTB/Kommunikasjon

– Slik det er i dag brukar mannlege kollegaar uniform for menn og kvinner den som er laga for kvinner, fortel Eline Skari, senior kommunikasjonsrådgjevar frå Norwegian til Framtida.no på e-post.

Flyselskapet skildrar uniformene sine som nøytrale og diskré. I 2019 fekk Norwegian kritikk for å stille krav til at kvinnelege tilsette måtte bruke sminke og sko med hæl. Mannlege tilsette fekk ikkje lov til å bruke naglelakk, øyrepynt eller ha langt hår, ifølgje VG.

– Vi følgjer med på utviklinga

Norwegian peikar på at det i Noreg i dag berre er to juridiske kjønn, og at den norske folkeregisterforskrifta ikkje tillèt registrering av eit tredje kjønn. Difor er det i Norwegian sine system også berre kvinne og mann.

– Vi følgjer med på utviklinga i vår bransje og det er naturleg at vi også i fortsetjinga ser på og vil vurdere tilpassingar.

Slik ser Norwegian-uniformene ut i dag. Foto: Norwegian

Ein utanlandsk passasjer med tredje kjønnskategori i passet sitt, lyt velje anten kvinne eller mann for å bestille flybillett. Ifølgje kundesenteret har Norwegian til no ikkje hatt utfordringar med dette.

– I Norwegian, som tilsett eller passasjer, er alle velkomne om bord uavhengig av kjønn, rase, seksuell legning eller religion.


Kabinansattes Forbund har aldri hatt temaet på agendaen

– Søker ein seg til yrket som kabintilsett, så veit ein jo at det følgjer med uniform, og eit uniformsreglement som er likt for alle.

Det skriv leiar i Kabinansattes Forbund, Elin Roverudseter, på e-post til Framtida.no.

Kabinansattes Forbund har medlem frå flyselskapa SAS, Flyr og Norse. Ifølgje forbundsleiaren har fagforeininga ikkje ytra noko ønske om endringar i uniformskrava til arbeidsgjevarane for sine medlemmar.

– Vi har heller aldri motteke nokon førespurnad frå medlemmar om tematikken rundt kjønnsidentitet. Dei førespurnadane vi tek imot kring uniform går meir på at ein synest det er gammaldags at dei tilsette framleis må akseptere konservative uniformskrav som kanskje ikkje heilt følgjer med i tida.

KF har ingen sterke meiningar om tredje kjønnskategori og kjønnsnøytrale titlar hos flyselskapa:

– Dette reknar vi med vert handtert på mest mogeleg rett måte, der ein held seg til norsk lov også hjå flyselskapa, svarar Roverudseter på e-post til Framtida.no.

Roverudseter opplyser om at KF aldri har hatt pronomen-tematikken på agendaen, då saka aldri har vorte aktualisert i fagforbundet.

– Det får vi ta stilling til dersom vi får førespurnadar på det.  


Jane-Victorius Bonsaksen (Foto: Ingvild Eide Leirfall), Markus Farstad Andersen, Kajsa Elvestad Andersen, Stian Antonsen, Ine Harsten, Marianne Støle-Nilsen, Maja Brannstorph (foto: @firecroft) og Finn Schjøll (foto: Eivind Senneset/TV2).

Flyselskapa har vorte stilte følgjande spørsmål:

  • Kva uniformskrav har [flyselskapet] til tilsette i dag?
  • Kan ein mannleg kabintilsett hos [flyselskapet] velje å bruke skjørt? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Er det aktuelt for dykk å gjere endringar ala Virgin Atlantic?
  • Kvifor må ein ha kjønna titlar når ein bestiller flybillettar hjå dykk?
  • Kvifor finst det ikkje nokon tredje kjønnskategori når ein bestiller billettar hjå dykk?
  • Er det aktuelt for dykk å innføre fleire valalternativ i kjønnskategorien?

I tillegg har flyselskapa vorte spurde kva ein utanlandsk passasjer med tredje kjønnskategori i passet skal gjere for å bestille flybillett hjå dei.