Politiet skal teste ut kroppskamera
Frå neste år skal norsk politi teste ut ordninga med kroppskamera. Det stadfestar politidirektør Benedicte Bjørnland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kroppskamera, som vart testa ut i ei prøveordning i Oslo i 2015, skal prøvast ut på nytt til neste år, seier Bjørnland til NRK.
– Vi skal førebu ein pilot hausten 2023, med formål om å ha ei litt meir omfattande testing av kroppskamera i 2024, seier politidirektøren.
Kroppskameraa, som er små og kompakte, blir ofte festa på skjorta hos politiet. Dei tek opp både lyd og bilete.
Spørsmålet er mellom anna aktualisert etter politivaldssaka i Kongsberg i oktober i fjor. Advokat Morten Kjensli som representerer mannen som vart slått, meiner bruken av kroppskamera vil bidra til at ein får ei god oversikt i kvar enkelt sak.
– Også i alle moglege situasjonar politiet kjem opp i. Både for tryggleiken deira og tryggleiken til andre, seier Kjensli.
Å innføre bruk av slike kamera inneber også utfordringar knytt til personvern. Mellom anna skal det avgjerast kven som skal ha tilgang til videobileta, korleis dei skal lagrast, og om det skal registrerast lyd og bilete frå heile arbeidsdagen.