Studie: Fleire «home runs» på grunn av klimaendringar

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarane frå Dartmouth College koplar minst 500 ekstra «home runs» mellom 2010 og 2019 til menneskeskapt global oppvarming.

Det kjem fram i ein fagfellevurdert artikkel som er publisert i Bulletin of the American Meteorological Society.

Saka er blitt omtala i fleire internasjonale medium, mellom anna The Guardian, AP News og NBC News.

Ballen ber lenger

Ein «home run» er når spelaren spring ubroten rundt heile bana. Som oftast er det ei følgje av at ballen blir slått ut av bana.

Forskarane har kome fram til at rundt 50 «home runs» i året kan skuldast klimaendringar. Grunnen er at varmare, tynnare luft gjer at ballen ber lenger.

– Når du har varmare temperaturar har du lågare lufttettleik, og når du har lågare lufttettleik har du mindre luftmotstand på eit flygande objekt, anten det er ein baseball eller eit fly, seier Justin Mankin, som er ein av forfattarane av studien, til The Guardian.

Han legg til at ein difor kan vente fleire «home runs» på ein varm dag enn på ein kjøligare dag.

Vil auke

Forskarane analyserte 100 000 ligakampar og 220 000 individuelle ballar som blei slått med vêrforhold, stadion og andre faktorar.

Dei understrekar at deira forsking berre er ein liten del av forklaringa på kvifor det blir stadig fleire «home runs» i baseball. Dei ekstra 500 lange ballane forskarane knyter til klimaendringar, utgjer 1 prosent av det totale talet på «home runs».

Viss klimaendringane held fram, kan dei stigande temperaturane føre til ein auke i «home runs» på om lag 10 prosent innan slutten av hundreåret.


Folkemengde på ein stadion.

Frå ein fotballkamp mellom Viking og Ranheim. Foto: Carina Johansen / NPK