Medietilsynet kritisk til Sophie Elise-podkast

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

I dag kom Medietilsynet sin allmennkringkastar-rapport om NRK for 2022. Medietilsynet meiner NRK i det store forvaltar samfunnsoppdraget sitt godt, sett bort frå nynorskkravet.

Eit anna punkt i rapporten der NRK får kritikk er for den mykje omtala podkasten Sophie & Fetisha.

Medietilsynet er kritisk

Medietilsynet peikar på at NRK, som er finansiert av offentlege midlar, skal vera varsam med å tilby kommersielt innhald, særleg retta mot barn og unge.

­­– Medietilsynet er difor kritisk til at NRK valde å gje influensarane bak podkasten Sophie & Fetisha unntak frå rettesnorer og avtalevilkår som skal sikre at publikum ikkje blir utsett for kommersielt press. Dette har vi påpeikt i tilsynsrapporten, seier direktør i Medietilsynet Mari Velsand i pressemeldinga.

Podkastsamarbeidet vart avslutta i mars i år. I ei pressemelding skreiv Isachsen at grunnen var at NRK la sterke føringar for dei to påverkarane si kommersielle verksemd.

Medietilsynet: – Viktig prinsipp

NRK har i ettertid presisert at oppdragstakarar ikkje kan delta i reklame eller marknadsføring medan dei er tilknytt NRK, eller innhaldet deira vert publisert.

– At NRK no er tydelege på at det ikkje skal gjevast unntak frå dette viktige prinsippet, er svært viktig for å halde oppe tilliten til at allmennkringkastaren sitt innhaldstilbod ikkje har kommersielle bindingar, understrekar Velsand.

Då samarbeidet vart avslutta i mars i år tok kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen sjølvkritikk for den ekstraordinære avtalen som vart gjort med påverkarane.

– Me trudde me kunne få til eit samarbeid som løp gjennom heile året med vekevise publiseringar, men det har ikkje fungert. Når det blir sådd tvil om vår integritet og sjølvstende, så er det ikkje det berekraftig, sa Fürst Haugen til VG.