New York vedtek lov mot vektdiskriminering – etterlyser det same i Noreg

Åshild Slåen
Publisert

Fredag 26. mai signerte ordføraren i New York ei ny lov for storbyen.

Lova skal blant anna hindre at personar blir diskriminert av arbeidsgjevarar og utleigarar basert på vekt og høgde. Det føyer seg til kategoriar som kjønn, seksualitet, rase, alder og religion, og vil seie at ein kan melde inn hendingar til byens komité for menneskerettar dersom ein meiner ein blir diskriminert.

Det var VG-satsinga Vektklubben som omtalte saka fyrst i Noreg.

Applauderer lova

Ein av aktørane som står bak lova, er den amerikanske organisasjonen National Association to Advance Fat Acceptance (NAAFA).

Kvinne med mørkt hår og svart skulderfri topp.

Carina Elisabeth Carlsen, rådgjevar ved Likestillingssenteret. Foto: Bjørnar Solberg

– Vi applauderer det enorme arbeidet NAAFA og deira samarbeidspartnarar har gjort, skriv Carina Elisabeth Carlsen i ein e-post til Framtida.

Ho er rådgjevar ved Likestillingssenteret. Dei har eit samarbeid med NAAFA der dei deler erfaringar og tips til å få til det same i Noreg.

Senteret arbeider for at kropp skal bli eit sjølvstendig diskrimineringsgrunnlag i likestillings- og diskrimineringslova.

– Burde ha kome lenger

Mari Mette Graff, leiar for Landsforeningen for overvektige (LFO), gler seg over at overvektige får eit rettsvern mot diskriminering, men har likevel blanda kjensler.

Kvinne med mørkt hår og lille bluse smiler.

Mari-Mette Graff er leiar i Landsforeningen for overvektige. Foto: Maria Langaard

– På den andre sida er det jo djupt tragisk at dette er ei problemstilling. Som samfunn burde vi ha kome lenger i 2023, skriv Graff i ein e-post til Framtida.no.

Ho er einig i at overvektige i Noreg må få betre rettsvern og peiker på forteljingar om diskriminering i møte med helsevesenet.

– Sjølv om det er ei positiv utvikling skjer det alt for ofte at menneske med overvekt ikkje får den helsehjelpa dei treng fordi overvekta gjer behandlar blind for andre årsaker til helseproblemet.

NRK tok tidlegare i år for seg stigmatisering av overvektige då dei oppsøkte helsehjelp.

Eit politisk spørsmål

I dag er det ifølgje Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) ikkje noko særskilt rettsleg vern knytt til overvekt.

Mann med tynt hår, blå skjorte og dressjakke med ein grå vegg og gul gardin i bakgrunnen.

Kommunikasjonssjef Edin Babic. Foto: Likestillings- og diskrimineringsombodet

– Nokre gonger kan overvekt knytast til funksjonsnedsetjing, eller anteke funksjonsnedsetjing, og då vil det ha eit diskrimineringsvern.

Det skriv kommunikasjonssjef Edin Babic frå LDO i ein e-post til Framtida.

– Det er grunn til å tru at det skjer forskjellsbehandling på grunn av vekt i samfunnet, og det er eit politisk spørsmål om vi skal utvide diskrimineringsgrunnlaga i norsk lov til å omfatte dette.

Følgjer med på utviklinga

I USA er det avgrensa kor utbreidd slike lover er. Følgjande amerikanske område har gjort det ulovleg å diskriminere basert på vekt:

Delstaten Michigan og byane New York og Binghamton i New York, San Francisco og Santa Cruz i California, Madison i Wyoming, Urbana i Illinois og Washington DC.

Vi kjem til å følgje med på den internasjonale utviklinga og erfaringane dei gjer seg med lovendringa, skriv Babic frå Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Tjukke tener mindre og får dårlegare hjelp

Carlsen meiner dette ikkje er godt nok.

– Vi har grove tilfelle også her i landet som diskrimineringsnemnda ikkje nødvendigvis kan gjere noko med, fordi tjukkheit ikkje er eit diskrimineringsgrunnlag, skriv ho.

– Eksempelvis viste ein norsk studie frå 2021 at tjukke kvinner tener 50.000 kroner mindre i året enn tynne kvinner, norske leiarar har uttalt at dei ikkje ynskjer å tilsette tjukke menneske på bakgrunn av eigne fordommar, og dessutan at tjukke menneske får dokumentert dårlegare helsehjelp – fordi dei er tjukke.

Ho viser også til andre tilfelle:

– Hets på bakgrunn av kropp og storleik, tjukkfobisk vald, ekskluderande design, som til dømes stolar, tronge benkar, buss-sete som ikkje er store nok, etc.

Haldningsendring

Graff frå LFO peiker på at sjølv om dei ynskjer seg betre rettsvern, må det meir til enn lovgjeving.

– Eit lovverk åleine fjernar ikkje diskriminering, så her har vi som samfunn ei utfordring knytt til haldningsendring og menneskesyn, uavhengig av om vi får ei lov eller ikkje, skriv ho.


Martine Halvorsen skriv om treningsglede. Foto: Skjermdump frå Instagram @martine.halvs