Regjeringa vil bruke tre milliardar meir på psykisk helse

Regjeringa vil bruke meir pengar på psykisk helse dei neste åra. – God hjelp skal vere lett tilgjengeleg når det trengst, seier Ingvild Kjerkol.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Måla våre er klare. Fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og god hjelp skal vere lett tilgjengeleg der det trengst, når det trengst. Det skal vi oppnå med denne planen, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Fredag la ho fram opptrappingsplanen for psykisk helse for dei neste ti åra.

Planen har tre innsatsområde: Helsefremjande og førebyggjande psykisk helsearbeid, gode tenester der folk bur og tilbodet til personar med langvarige og samansette behov.

– Denne opptrappingsplanen stadfestar at regjeringa prioriterer psykisk helse. Innsatsen skal trappast betydeleg opp dei neste ti åra. Ambisjonane blir understreka med ein auke på 3 milliardar kroner til arbeidet med psykisk helse framover, seier Kjerkol.