Sju av ti fullfører påbyrja bachelor- eller masterutdanning
Nye tal viser at sju av ti studentar fullfører påbyrja master- og bachelorutdanning.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er bachelorstudentane som oftast fullfører på normert tid. 36.550 studentar byrja for første gong i ei bachelorutdanning i 2017. 54 prosent av desse fullførte utdanninga på normert tid, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
71 prosent av bachelorstudentane fullførte utdanninga innan fem år, det vil seie innan 2 år etter normert tid.
Blant studentar ved 1,5 og 2-årige masterutdanningar gjeld dette 68 prosent. Studentar ved 5-årige masterutdanningar har lågast del som fullfører innan 2 år etter normert tid, med 66 prosent.
Kvinner fullfører i større grad enn menn. Ved 3-årige bachelorutdanningar fullførte 76 prosent av kvinner innan to år etter normert tid, mot 65 prosent blant menn. Ved 5-årige masterutdanningar fullførte 69 prosent av kvinnene innan 2 år etter normert tid og 62 prosent av mennene.
– Dette kan vere problematisk fordi vi over tid får ein ubalanse i kven som har universitets- og høgskuleutdanning i samfunnet, seier Stian Rørheim som er ansvarleg for statistikken.