Miljødirektoratet: Dette må til for å nå klimamåla
Med dagens politikk er vi ikkje i nærleiken av å nå klimamåla, men i ein ny rapport viser Miljødirektoratet korleis dei meiner Noreg likevel kan klare det.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Utsleppskutta kjem ikkje av seg sjølv. Dersom det skal vere mogleg å få så store utsleppskutt så fort som vi har lagt til grunn, er det behov svært rask utvikling av klimapolitikken.
Det seier miljødirektør Ellen Hambro i ei pressemelding.
– Så å seie alt vi har greidd ut må gjennomførast, og mykje må skje parallelt, viss måla skal nåast.
Ho la fredag fram ein rapport med 85 tiltak som vil redusere klimautsleppa i alle sektorar. For kvar av dei peikar direktoratet på kva hinder som må ryddast av vegen for å få det til.
Dersom alle tiltaka blir gjennomførte vil utsleppa i 2030 kunne bli 53 prosent lågare enn dei var i 1990, ifølgje rapportar, Dersom ein i tillegg aukar bruken av flytande biodrivstoff til vegtrafikk og ikkje-veggåande maskiner, vil utsleppa i 2030 kunne bli 55 prosent lågare enn dei var i 1990.
Karbonfangst og el-lastebil
Å få til dette vil krevje storstilt mobilisering, men koronapandemien viste oss at hurtig endring er mogleg, blir det påpeika i rapporten.
Det blir peika på ti tiltak med størst potensial. Blant desse er:
- Karbonfangst- og lagring (CCS) på industrianlegg, som kan gi eit kutt på over 2 millionar tonn i 2030.
- Kraft frå land til petroleumsutvinning (1,65 millionar tonn i kutt)
- At folk eit i tråd med dagens nasjonale kosthaldsråd (1,17 millionar tonn i kutt)
- Erstatte fossilt kol og koks med biokol i industriprosessar, spesielt ved smelteverk (1 millionar tonn i kutt)
- Å bruke hydrogen til fleire prosessar i industrien (1 millionar tonn i kutt), mellom anna ved Yaras ammoniakkfabrikk i Porsgrunn.
Treng meir kraft
Men ingen av tiltaka er lågthengande frukt som politikarane raskt kan plukke ned. Nokre av dei treng teknologi som ikkje er ferdig utvikla. Og ikkje minst trengst det nok kraft.
– Når samfunnet skal omstillast frå fossilt til lågutslepp, er nok rein kraft ein akilleshæl og kritisk avgjerande for at vi skal kunne lykkast seier miljødirektøren.
For å nå alle måla, vil auka CO2-avgift hjelpe. Men politikarane kan også ty til krav, forbod og økonomisk støtte.
Hambro påpeikar også at det grøne skiftet også areal. Debatten om utbygging av vindkraft har vist at det ikkje er noka enkel sak. Og det er fleire varme poteter blant forslaga.
Det tilsynelatande enkle rådet om at folk skal ete i tråd med kosthaldsråda, som i utgangspunktet er laga for å gi folk betre helse, er i seg sjølv omstridd. Det inneber nemleg eit for mange upopulært «kjøttkutt», som også kan få store følgjer norsk landbruk. Talet på sauer, kyr og grisar i Noreg må ned, og om lag 4.000 årsverk i landbruket vil forsvinne.
Meir heimekontor?
Utover redusert kjøttforbruk, er det ingen av ti på topp-tiltaka i rapporten som direkte påverkar forbrukarane. Men fleire av desse finst lenger ned på lista. Å reise mindre er blant dei.
Meir heimekontor blir berekna å kunne gi eit kutt på 16.000 tonn (0,016 millionar tonn) i 2030, ifølgje rapporten. Fleire digitale møte på jobben kan kutte utsleppa med 33.000 tonn.
Andre kjende tiltak har også vorte rekna på, som at fleire går og syklar i staden for å køyre bil (25.000 tonn), eller tek buss eller tog (88.000 tonn). Å byte ut fleire gamle vedomnar med nye, reintbrennande omnar og elektrisk oppvarming er også med.