EU vil forby gummigranulat på kunstgrasbaner
EU-kommisjonen har gått inn for forbod mot tilsett mikroplast i mellom anna kunstgras.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Du veit dei små, svarte kulene som du finn overalt i huset og bagen etter ein tur på fotballbana? Desse vil det etter kvart bli slutt på. Eller, dei må i alle fall endre innhald.
Kulene som blir brukt på kunstgrasbaner i dag, inneheld nemleg mikroplast. Ifølgje Miljødirektoratet er desse bitane blant dei største kjeldene til at mikroplast blir spreidd i naturen. Årleg endar om lag seks prosent av gummigranulatet opp utanfor fotballbanene.
Denne veka røysta EU-kommisjonen fram eit forbod mot gummigranulat på kunstgrasbaner, melder NTB.
Usikker tid for norsk fotball
VG skriv at det er rundt 1700 kunstgrasbaner her til lands. Utbygginga av nye kunstgrasbaner har likevel falle med 70 prosent sidan 2019.
Byrådet i Oslo bestemte i 2020 seg for å kutte bruken av gummigranulat med opp mot 50 prosent innan 2024. Noko av det som har blitt testa som erstatning for gummien, er kokos, kork, olivenstein, furu og bjørk.
Noregs Fotballforbund (NFF) har ønska seg ein overgangsperiode på 10 til 12 år for å finne gode alternativ til dagens gummibitar. No er det bestemt at overgangsperioden blir på åtte år.
Anleggssjef i NFF, Øyvind Trygge Moltubakk, seier til TV 2 at EU-vedtaket skapar enorm usikkerheit.
– Norsk fotball går ei usikker tid i vente. Det er allereie stort etterslep på både bygging og rehabilitering av baner. Vi treng ein god prosess for å få på plass gode ordningar så vi unngår å bygge ned banekapasiteten, seier han til kanalen.
Lovforslaget er venta å tre i kraft i løpet av året, men EU-parlamentet og medlemslanda i EU sitt ministerråd kan framleis kome med innvendingar dei neste tre månadane.