Ny Fosen-demonstrasjon – markerer 599 dagar med menneskerettsbrot

Fosen-aktivistane er klare for nye demonstrasjoner i Oslo. Det skjer i samband med at regjeringa på fredag skal samlast på Slottet (til kongen i statsråd).

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi kjem ikkje til å gi oss. Med olje- og energiministeren, Terje Aasland, sine planar kan vi like gjerne begynne å førebu markeringa for 1000 dagar med menneskerettsbrot, men i mellomtida vil vi gjere alt vi kan for å presse regjeringa til å innsjå alvoret, skriv Gina Gylver, leiar for organisasjonen Natur og Ungdom, i ein e-post til Framtida.no.

På fredag klokka 10 skal Fosen-aktivistane demonstrere framfor Slottet. Der vil dei markere at det er 599 dagar sidan Høgsterett kom med sin dom rundt dei to vindkraftanlegga Storheia og Roan. Totalt har dei to anlegga 151 vindturbinar.

Det er Norske Samers Riksforbunds ungdomsorganisasjon og Natur og Ungdom som står i spissen for demonstrasjonen.

I dommen står det at vedtaket om konsesjon til vindkraftutbygging på Fosen var ulovleg, då utbygginga krenker retten reindriftssamane har til kulturøving etter FNs konvensjon om sivile og politiske rettar i artikkel 27.

599 dagar etterpå går framleis vindturbinane på Fosen for fullt.

– Kravet fortset å vere det same. Turbinane må bli rivne, og landet må bli ført tilbake til samane på Fosen, skriv Gylver.

Lite imponert over Aasland

Tidlegare i år, i februar og mars, demonstrerte aksjonistane i åtte dagar. Då sperra dei mellom anna inngangen til fleire departement.

– Vi ber dei bruke denne siste sjansen på å forhindre at det går 100 dagar utan handling sidan dei førre aksjonane. Då innrømde statsministeren sjølv at det er eit pågåande menneskerettsbrot, men sidan det har ingenting skjedd, uttalar Gylver.

Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Isabelle D. F. Poole

Sjølv om dommen seier at vindkraftutbygginga er ulovleg, står det ingen tiltak for vegen vidare.

I ein e-post til VG i mars, presiserer Olje- og energiminister Terje Aasland akkurat dette.

– Det betyr at vi må fatte nye vedtak som varetar samar sine rettar. Forvaltninga har ei plikt til å sørge for at saker er tilstrekkeleg opplyst før det blir treft vedtak. Det inneber at departementet må sørge for eit godt kunnskapsgrunnlag for dei vurderingar som skal gjerast.

Gylver er mildt sagt lite imponert over tida den norske regjeringa har brukt.

– På 100 dagar har Aasland berre klart å sette i gang ein prosess for å starte nye utgreiingar, noko som verken har legitimitet blant samane på Fosen eller i Sametinget. Dette er ein omkamp frå regjeringas side, med enorme menneskelege kostnader.

Svekker legitimiteten til det grøne skiftet

Leiaren for Natur og Ungdom skriv også at dette er med å forsinke og svekke legitimiteten til det grøne skiftet.

– Det hastar å bygge ut meir fornybar energi, og då må det gjerast på riktig måte. Statkraft visste at det var ein risiko for menneskerettsbrot, men valde likevel å bygge anlegga før saka var avklart i retten.

Ho er tydeleg på om ein skal få aksept for fornybar-utbygging i Noreg, så må staten og selskapa tørre å innrømme sine feil, og dessutan ta konsekvensane av det.

– Omstillinga kan ikkje gå på kostnad av sårbar natur og urfolk, og vi har alle eit ansvar for å stå opp mot systematiske rettsbrot.


Foto: Naina Helen Jåma / NTB