Funksjonshemma får ikkje støtte til hjelp i arbeidslivet – potten er tom

Ei Nav-ordning som gir funksjonshemma støtte til å tilsetje ein assistent i arbeidslivet, er tom for pengar. Brukarorganisasjonane kallar det overraskande.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Funksjonsassistanse i arbeidslivet er i korte trekk ei Nav-ordning som lèt funksjonshemma søkje støtte til praktisk hjelp i arbeidslivet. Målet er at fleire funksjonshemma skal stå i jobb. Dette skjer ved hjelp av ein assistent som bidreg til at dei skal kunne utføre dei ordinære arbeidsoppgåvene sine.

Om lag 400 personar bruker ordninga. 16. mai vart det kjent at det frå mai er stans i å innvilge slik assistanse til nye brukarar. Grunnen er at det rett og slett er tomt for pengar.

– Dagens forbruk på ramma inneber at det per i dag ikkje vil vere rom for å ta inn nye brukarar i ordninga med funksjonsassistanse. Årsakene til dette er ein kombinasjon av lønns- og prisvekst og ein auke i talet på nye brukarar av ordninga i byrjinga av året. Slik det ser ut no, betyr det at nye søkjarar ikkje vil få innvilga funksjonsassistanse. Det vil ikkje påverke dei som allereie har vedtak om funksjonsassistanse, skriv Nav i pressemeldinga si.

Rett nok får ordninga 19,6 millionar kroner i ekstra midlar i forslaget til revidert nasjonalbudsjett. Dette er likevel ei rein lønns- og prisjustering.

Brukarane reagerer

– Det kjem overraskande på oss, og vi er svært bekymra dersom dette betyr at fleire ikkje kjem i arbeid ved å få funksjonsassistanse, seier generalsekretær Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO).

Ho meiner det burde vore varsla tidlegare og tydelegare frå Nav, og seier det ikkje har vorte aktivt formidla til brukarorganisasjonane at potten er tom.

Også i Norges Handikapforbund og i Blindeforbundet blir det reagert på at det ikkje er midlar.

– Det er brei politisk semje om å auke sysselsetjinga blant funksjonshemma. Då føreset vi at politikarane løyver meir pengar til funksjonsassistanse no, slik at nye søkjarar også kan få innvilga denne hjelpa, seier forbundsleiar Tove Linnea Brandvik i Norges Handikapforbund.

– Vi synest det er alvorleg at det er stans i tildeling. For dei som får denne ordninga, kan det vere forskjellen på å stå i jobb og å vere uføretrygda, seier leiar Terje André Olsen i Norges Blindeforbund.

Mann i grå dress og briller.

Blindeforbundet ved Terje Andre Olsen og andre interesseorganisasjonar reagerer sterkt på at ordninga er tom for pengar. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Politikarane ser på saka

Også han reagerer på manglande informasjon frå Nav og beskriv avgjerda som «lyn frå klar himmel».

– Vi kjem i morgon til å sende brev til finanskomiteen og arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget for å be dei finne ei løysing som sikrar at ordninga får tilstrekkeleg med midlar. Då vil framtidige søkjarar kunne få nytte ordninga og sleppe å måtte gå på uføretrygd, seier han.

Regjeringa forhandlar akkurat no om revidert nasjonalbudsjett med SV, som dei treng støtte frå i Stortinget. SV opplyser til NTB at dei viser til regjeringa i denne saka.

Kvinne pratar i mikrofon og held armane ut i ein oppgitt gest.

Tuva Moflag i Arbeidarpartiet kallar situasjonen uheldig. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

– Det er uheldig at potten går tom. Vi er opptekne av at det må leggjast til rette for at alle kan delta i arbeidslivet, og sånn sett er det gledeleg at mange vil nytte seg av ordninga. Det går no føre seg forhandlingar om revidert nasjonalbudsjett på Stortinget, og det er eit høve til å sjå på slike saker, seier Tuva Moflag (Ap), den arbeidspolitiske talspersonen for regjeringspartiet.

Dermed kan det tenkjast at potten blir redda under forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett.


Biogen er selskapet som har utvikla medisinen Spinraza. Malin F. Pedersen er ein av dei som er glade for at medisinen no blir tilgjeneleg for vaksne.
Foto: Terje Bendiksby / NTB, privat.