Det kan vere stress å ha eksamen, men det går an å øve på stresset, meiner rådgjevar.
Åshild Slåen

Dersom du ikkje har hatt så mange eksamenar før, kan det vere stress fyrste gongen.

Kvinne med langt hår, mørk jakke og grønt skjerf smilar inn i kameraet.
Mari Langmyr er studentrådgjevar i SiO. Foto: Studentsamskipnaden SiO

Studentrådgjevar Mari Langmyr ropar varsku, og meiner at vi må førebu studentane på at stress er ein del av eksamenspakka.

– Eg trur vi må bli enda tydelegare på at stress er ein del av ein student sin kvardag, og at det finst god hjelp for å meistre stress, som også er nyttig seinare i livet, seier Langmyr i ei pressemelding frå Studentsamskipnaden SiO.

Dette er tipsa hennar for ei mindre stressa eksamenstid:

1Avspenning

Lær deg ein metode for avspenning, til dømes ein pusteteknikk eller ei enkel meditasjonsøving. Ein avspent kropp hugsar best!

2Ikkje ver redd for å få litt nervar

Det er heilt vanleg å bli redd eller nervøs, du er ikkje åleine om det.

3Ha fokus på det du faktisk skal gjere

Nervar aukar når vi fokuserer på kva som kan gå gale. Forsøk heller å ha eit oppgåvefokus. Lag ein arbeidsplan fram til eksamen, og hald fokuset på denne.

4Ikkje gløym self-care

Utan mat og drikke duger helten ikkje. Ta deg tid til søvn og mat slik at du er utkvilt og klar til eksamen.

5Sjekk at eksamensstaden eksisterer

Ta gjerne turen til eksamenslokalet på førehand. Det hjelper å vite kvar det er og korleis det ser ut. Då kan du også rekne reisetida betre.

6Ta deg tid til å møte venner

Ta det som ein pause. Viss de går ein tur samtidig, får du også frisk luft og et glimt av verda utanfor eksamensbobla.


ANNONSE