Ordførar vil ha forbod mot kryptofabrikkar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Dagsavisa melde førre veke at straumforbruket til kryptofabrikkane i Nord-Noreg svarer til nesten heile straumårsforbruket for regionen Lofoten.

I Hadsel kommune ligg Stokmarknes datasenter, ein av fabrikkane som vinn ut kryptovaluta i Nord-Noreg. Ordførar Lena Arntzen (H) seier til Dagsavisen at kommunane ikkje kan gjere noko, sidan det er Statnett som gir konsesjon til nettilknyting.

– Vi skulle heller ha brukt krafta som går til kryptoutvinning til å gi energi til den allereie etablerte industrien i kommunane, seier ho, og viser til hjørnesteinsbedrifta Nordlaks.

Dette selskapet sysselset over 800 menneske, men har fått avslag på søknad om konsesjon på grunn av kraftmangel, seier Arntzen.

– Verda treng mat og protein – ikkje krypto. Som ordførar smertar det at utviklinga i eksisterande næringsliv blir bremsa, seier ho.

Ordførar Marlen Rendall Berg (Sp) i Fauske seier at ho etterlyser eit nasjonalt forbod mot krypto-utvinning.

– Det er mi personlege meining. Vi har ikkje behandla det i kommunestyret, men som ordførarkandidat for Senterpartiet i Fauske kan eg seie det, seier ho.


Ymse kryptovalutamyntar