Ap og Senterpartiet vil ha 16-årsgrense på energidrikk

Regjeringspartia Ap og Sp går inn for 16-års aldersgrense på energidrikk. Dei ønskjer også marknadsføringsforbod av usunn mat og drikke retta mot barn og unge.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er det inga aldersgrense på energidrikk i Noreg, men fleire butikkar har eigne aldersgrenser som varierer frå 14 til 18 år.

Energidrikkar må i tillegg merkast med ei åtvaring om effektane av høgt koffeininnhald. 

Dei to partia vil gjere meir for å verne barn og unge mot eksponering av usunn mat og drikke, og fremjar no forslag i Stortinget for å følgje opp.

− Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil ta fleire grep for å ta vare på barn og unges helse når vi no ønskjer å setje aldersgrense på energidrikk til 16 år og innføre forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge. Det er etterspurt lenge og no håpar vi på fleirtal i Stortinget for saka, seier helsepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Cecilie Myrseth.

Forslaga blir fremja i samband med behandlinga av Folkehelsemeldinga.


Oskar Westerlin sin sjokoladebolle og marknadsføring har skapt debatt og fått kritikk av Forbrukartilsynet. Foto: Anette Fadnes Marcussen