Martine Halvorsen arrangerer open 17. mai-feiring: – Har følt mykje på einsemd

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 12.05.2023 12:05

– Det er dagar der eg har brukt utruleg mykje tid på å samanlikne meg med alle andre, og dagar der eg har følt mykje på einsemd.

Merkedagar som 17. mai og nyttårsaftan har vore vanskelege for påverkar Martine Halvorsen.

I sosiale medium florerer det av bilete frå champagnefrukostar, og det kan verke som om «alle» feirar dagen på fest med store vennegjengar.

Ung, blond kvinne i sommarkjole smiler.

Påverkar Martine Halvorsen har vore open om å kjenne på utanforskap på store merkedagar. No har ho teke saka i eigne hender, og inviterer til open 17. mai-feiring. Foto: Privat

«Det følast ofte som at Noreg har bursdag, og at eg ikkje er invitert», skreiv Halvorsen på bloggen sin i 2020.

25-åringen har no lært seg at ho kan ha det bra, sjølv om det ser ut som at nokon andre har det betre. I fjor bestemte ho seg difor for å arrangere si eiga 17. mai-feiring. På gjestelista stod absolutt alle som ville kome.

«Livets finaste feiring»

– Eg kom eigentleg fram til … Kvifor ikkje? Det byrja med at eg ikkje hadde nokon planar sjølv, og at eg tenkte at eg ønska å ta saka i eigne hender og skape eit arrangement for alle andre som ikkje hadde planar og alle som har planar, men som likevel ville vere med eller kome innom! forklarar påverkaren i ein e-post til Framtida.no.

Martine Halvorsen skildrar fjorårets feiring som «livets finaste 17. mai-feiring» og ein av dei finaste dagane i livet hennar.

– Det var over 500 menneske innom, i alle aldrar, fargar og fasongar. Det var menneske med alle slags historier og bakgrunnar, og det var nokon for alle der!

No vil ho gjenta suksessen, og har på nytt invitert til samling i Frognerparken i Oslo på nasjonaldagen.

Bunad- og festklede folk i Frognerparken.

Dette er andre året Martine Halvorsen inviterer framande til 17. mai-feiring i Frognerparken. Foto: Privat

Litt skummelt

Halvorsen er ikkje aleine om å grue seg til dagar som 17. mai. I sosiale medium som Jodel dukkar det opp mange innlegg frå folk som kjenner seg aleine på merkedagar. I mars kom ein rapport frå Mental Helse der éin av fem unge mellom 12 og 20 år svarte at dei har få eller ingen vennar.

– Kva vil du seie til dei som har lyst til å kome på feiringa di, men kanskje synest det er litt skummelt?

– Om eg skal vere ærleg, så synest eg også at det er litt skummelt – og det er heilt greitt.

Halvorsen trur likevel at det kjem til å bli ein fantastisk dag.

– Kom som du er, aleine eller saman med nokon.

Ho lovar å ta imot alle som kjem med opne armar. 25-åringen trekker fram ei historie frå fjorårets arrangement som sette spor, om to damer som kom aleine, kvar for seg.

– Ho eine kom aleine fordi ho nettopp hadde vore gjennom ei skilsmisse, og ho andre kom aleine fordi venninna ho pleidde å feire med hadde blitt alvorleg sjuk. Dei drog derfrå saman. Det er så fint det!

Martine Halvorsen står med ei svær marsipankake.

Martine Halvorsen serverte kake til dei som møtte opp i fjor. Foto: Privat

Alltid plass til ein ekstra stol

Påverkaren oppmodar alle til å sjekke inn på menneska rundt seg.

– Hugs at vi alltid har plass til ein ekstra stol og kos deg! Det er lov til å logge av Instagram og logge på livet. Og hugs at du er hjarteleg velkomen til Frognerparken!

Det er fleire som har posta innlegg om å feire 17. mai med framande i Facebook-gruppa Hey Girl! Oslo. Skjermdump

Om andre vil gjere som Martine Halvorsen og feire dagen med nye menneske, rår ho dei til å legge ut om det i sosiale medium og ta kontakt med kjente.

Det er allereie fleire som har publisert innlegg i Facebook-grupper som Hey girl! Oslo, der dei anten spør om nokon har plass til ein til på 17. mai, eller inviterer folk til å feire saman med dei.

– Og hugs at det ikkje er antalet som kjem som er viktig. Tenk om du eller ein av dei andre går heim med ein ven for livet! seier Halvorsen.

Forventningspress frå sosiale medium

Framtida.no har kontakta psykolog Maria Abrahamsen, kjent som @psyktdeg i sosiale medium, for å høyre kva råd ho har til dei som synest 17. mai er vanskeleg.

Abrahamsen viser til eit intervju ho nyleg gjorde med God kveld Norge.

– 17. mai er ein dag då mange kjenner på utanforskap og einsemd, som er blant dei vondaste kjenslene vi kan kjenne på som menneske, seier ho.

Ho trur sosiale medium bidreg til at mange føler på forventingspress. Ho rosar Martine Halvorsen for å vere ærleg om å kjenslene sine rundt dagen og for initiativet til 17. mai-feiring.

Kvinne smiler stort til kamera.

TikTok-profil og psykolog Maria Abrahamsen trur bilete i sosiale medium av champagnefrukost og vennegjengar kan føre til at høgtidsdagar har blitt vanskeleg for mange. Ho vonar fleire lar seg inspirere av Martine Halvorsen. Foto: Privat

– Logg av sosiale medium og lad batteria

Abrahamsen har tre tips til dei som gruar seg til 17. mai:

  1. Sjå kva som finst i heimkommunen din.
  2. Inviter inn sjølv, slik som Martine Halvorsen gjer.
  3. Sjå på 17. mai som ein heilt vanleg dag.

– Du kan velje å sjå på 17. mai som ein heilt vanleg dag, som du kan bruke til å lade batteria. Logg av sosiale medium og sjå på noko gøy på TV. Lag deg noko god mat og gjer noko kvardagsleg. Det er ikkje farleg å behandle denne dagen som ein heilt vanleg kvardag.


Martine Halvorsen skriv om treningsglede. Foto: Skjermdump frå Instagram @martine.halvs