Tips frå TikTok-psykolog Maria Abrahamsen – ikkje bruk filter

Janne Nerheim
Publisert
Oppdatert 26.04.2023 08:04

Denne saka var først publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

– Me kan samanlikna godteri og sosiale medium fordi det er like viktig å eta sunt og å avgrensa tida du bruker på sosiale medium, seier psykolog Maria Abrahamsen frå @Psyktdeg.

Maria er bekymra over korleis sosiale medium påverkar barn og unge si psykiske helse.

– Barn og unge er prøvekaninar når det gjeld dagens teknologi. Dei tinga me brukar mest tid på, er det som påverkar oss mest, fortel ho.

Ho er uroleg for at mange barn og unge er opptekne av å få flest mogleg likarklikk, kommentarar og følgarar på Snapchat, TikTok, Instagram og Facebook.

– Ei god sjølvkjensle har du når du aksepterer deg sjølv slik du er, og kjenner deg verdifull. Dette kan sosiale medium klussa til for mange, fortel Abrahamsen.

Ikkje ekte

Mange samanliknar seg sjølv med bilde og videoar dei ser på sosiale medium.

– Viss du legg ut bilde som ikkje viser deg slik du faktisk ser ut, kan det øydeleggja sjølvkjensla di, fortel ho.

Det kan bli endå verre viss ein får mange positive kommentarar på bilda som ikkje viser ditt ekte deg.

I jobben som psykolog har ho møtt mange som føler at alle andre er finare og får til meir enn dei gjer.

– Mange har eit anstrengt forhold til sosiale medium. Dei kjenner at det ikkje er godt for dei, men samstundes er dei avhengig av rusen dei får av å sjekka likes, nye følgarar og kommentarar, fortel ho.


Psykologen sine 8 beste tips:

  1. Vit at det du ser ikkje er verkeleg. 
  2. Ikkje bruk filter. Tenk gjennom kva du sjølv legg ut. Ikkje legg ut noko som ikkje liknar på deg sjølv.
  3. Ikkje følg profilar som gjer at du får dårlege kjensler rundt deg og ditt liv.
  4. Ta pausar frå skjerm. Spesielt før leggetid og i den første tida etter du har stått opp om morgonen.
  5. Er du avhengig? Kjenn etter som du leitar etter telefonen om du legg han bort.
  6. Tenk gjennom kvifor du legg ut noko. Er det noko alle treng å sjå?
  7. Bruk tid med vener og familie. Det er veldig viktig å øva på å snakka saman, sjå kvarandre i auga og gjera aktivitetar saman utan at det er gjennom skjem.
  8. Snakk med ein vaksen dersom du opplever at nokon spreier nakenbilete av deg. Det er viktig at dei som spreier slike bilete veit at det er ulovleg – og at du som opplever dette ikkje står i det åleine.

Les bokmelding av Den usynlige angsten – viktig bodskap i feil medium

Påverkar Linnea Løtvedt (omslag) har fått med seg TikTok-psykolog Maria Abrahamsen for å gje råd i boka Den usynlige angsten. Foto: Cappelen Damm7Privat