Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 25.11.2022 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mykje vanskelegare å skrive bullshit på nynorsk enn på bokmål, fordi du ikkje kan skjule deg bak lange, tåkete setningar fulle av leddsetningar og pretensiøse låneord. Nynorsk har eit slags innebygd bullshit-filter, kan ein seie.  

Det skriv Robin Van de Walle frå Belgia. 28-åringen har bachelor i nordisk, master i litteraturformidling og jobbar som bibliotekar i heimbyen Bergen.

Sjølvlært nynorskbrukar

Nyleg debuterte Robin Van de Walle med nynorskromanen Han, solo på Cappelen Damm.

Van de Walle var 20 år gamal då han i 2014 flytta til Noreg frå Belgia og er sjølvlært nynorskbrukar.

– Eg vart trekt til nynorsk, fordi eg syntest det var eit vakkert og rikt skriftspråk, som er knytt til lokalkulturen og landskapet på ein måte som bokmålet ikkje er – samtidig som det er utåtvendt og kosmopolitisk på sitt eige, merkelege vis. Dessutan er det eit ypparleg språk å skrive på, fordi sjølve syntaksen tvingar deg til å skrive klart og konsist. Det er ein veldig disiplinerande ting for ein forfattar.

Forfattardebutant Robin Van de Walle (28) er oppvaksen i Belgia, flytta til Oslo i 2014 og vidare til Bergen under pandemien. foto: Helge Skodvin

Robin og Robin

Han, solo handlar om 26 år gamle belgiske Robin, som flyttar til Bergen under pandemien og har kjærleikssorg etter å ha blitt forlaten av mannen han trudde var den eine.

Forfattaren forklarar at på same måte som Elskaren ikkje berre handlar om Marguerite Duras, Min kamp om Knausgård, eller I Love Dick om Chris Kraus, er det berre delvis slik at romanen handlar om han sjølv.

– Det sjølvbiografiske er berre eit utgangspunkt for å skrive og reflektere kring visse tema. I mitt tilfelle: om kjærleik, einsemd, røter, språk, identitet, sex. Eg ønskte å skrive ærleg og direkte om desse tinga, utan å ta lange omvegar gjennom fiktive karakterar og oppdikta plottliner.

Skeivt minoritetsspråk

Forfattaren forklarar at han òg blir trekt til nynorsk fordi det er eit mindretalsspråk.

– Sjølv er eg òg del av minoritetsgrupper (skeiv, utlending). Eg liker å tenke på nynorsk som det skeive språket i Noreg, nettopp fordi det blir brukt av mindretalet – trass i at mange fleire her i landet snakkar dialektar som objektivt sett ligg nærmare nynorsk enn bokmål, forklarar Van de Walle og held fram:

– Slik er det også med skeive legningar: Det er fleire som er skeive, enn dei som praktiserer det. Og når eg tenkjer meg om, er det påfallande mange skeive aust- og utlendingar som har valt nynorsk som sitt språk, som Kristin Fridtun, Jens Kihl, Bjørn Hatterud, Camara Lundestad Joof, Stephen Walton … Finst det ein samanheng der?

Me har teke ein kikk i bokhylla til den nynorske forfattaren frå Belgia.

Kinesisk filosofi på nattbordet

28-åringen reknar med at han les 30–35 bøker i året, noko som tilsvarar to-tre bøker i månaden og litt fleire i jule- og sommarferien.

Eg skulle gjerne lese meir, men eg er ein ganske treg lesar. Eg les korte bitar av gongen, og bruker ofte lang tid på det.

– Kor les du?   

– I senga etter leggetid, i sofaen på regntunge dagar, og i smug på jobb. Heldigvis jobbar eg på eit bibliotek: Sjølv om det ikkje er meininga at vi les under arbeidstid, er det ikkje like suspekt å ha ei bok liggande på kontorpulten for meg som det er i andre bransjar, kan eg førestille meg.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Zami av Audre Lorde, Time Is A Mother av Ocean Vuong og Chinese Thought av Roel Sterckx. Den siste har eg halde på med i mange månadar no. Det er ei innføringsbok i kinesisk filosofi, så det er fint å lese små bitar av gongen.

Naturskriving

– Kva bøker les du helst?

– Det går i bølgjer. For tida er eg veldig interessert i memoar- og dagbok-liknande bøker. Forfattarar som Joan Didion, Maggie Nelson, men også Tomas Espedal, som blandar personleg stoff med meir essayistiske refleksjonar om kunst, litteratur og filosofi. Eg liker den spørjande, opne tonen i desse bøkene. Eg liker når forfattarane sjølv ikkje veit svaret på spørsmåla sine. Då kjennest det som om dei inviterer lesaren inn i boka, ber oss om å kome med eigne forslag. Det synest eg er viktigare enn at forteljinga er vasstett komponert eller at narrativet heng 100 % saman.

Forfattaren har i det siste òg fått auga opp for det britane kallar nature writing, «naturskriving».

– Bøker som handlar om naturen og landskapa rundt oss, og kva landskapa gjer med oss som bur i dei. Den amerikanske forfattaren Annie Dillard er eit godt døme, eller den skotske poeten Kathleen Jamie. Ho har skrive vakre tekstar om kvalar, om livet på fjerne øyar, og om trea som veks i bakgarden hennar. Å lese slike bøker gjer meg meir oppmerksam på det som er rundt meg: Korleis blir eg påverka av landskapa rundt meg? Kva veks i min bakgard?

Anne Frank og Tolkien

– Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten?

– Ingenting, faktisk! Mamma og pappa las aldri for oss. Men eg må innrømme at eg ikkje var interessert i bøker som barn, det kom først i tenåra.

Til venstre er Anne Frank fotografert på skulen i Amsterdam i 1941. Til høgre er omslaget til J. R. R Tolkien si Húrins barn. Foto: Wikimedia Commons, Tiden forlag

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?   

Anne Franks dagbok gjorde sterkt inntrykk, fordi ho verka som ei så utruleg kul og kreativ jente, men så fekk ho ein så tragisk skjebne. Eg tenkte at eg gjerne hadde blitt vener med henne, om det hadde vore mogeleg. Og så hadde eg ein intens fantasy-periode då eg var 13–14. Det starta med Tolkien, og eigentleg er eg framleis veldig glad i bøkene hans. Spesielt Húrins barn vil eg anbefale, det er ei skikkeleg mørk og dyster forteljing, litt som ein gresk tragedie eller ein norrøn saga.

Bestseljar eller ekspansive litterære verk

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Det hadde vore kjekt å ha skrive ein lukrativ bestseljar som Da Vinci koden eller Fifty Shades, for då kunne eg ha kjøpt meg leilegheit, hytte, kanskje eit hus i Hellas. Men nei då, ikkje eigentleg. Om valet stod mellom pengar og kreativitet, hadde eg jo valt kreativitet, skriv Van de Walle og held fram:

– Eg er faktisk litt misunneleg på sånne forfattarar som hadde svære, ekspansive litterære prosjekt som dei aldri blei ferdige med i si levetid. Som Robert Musil og den endelause romanen hans Mannen utan eigenskapar, eller Fernando Pessoa med Uroas bok. Det er bøker som du kan gå deg vill i som lesar, og eg trur det var òg det som skjedde med forfattarane som skreiv dei: Bøkene må ha vore som ein labyrint dei ikkje fann vegen ut av.

Robert Musil (t.h) og Fernando Pessoa har litterære prosjekt som Robin Van de Walle ser opp til. Foto: Wikimedia Commons, S.A. e Maria José de Lencastre

Nederlandske Jan Hendrik Frederik Grönloh (1882–1961) skjulte seg bak pseudonymet Nescio, som er latin for «Eg veit ikkje». Foto: Ukjent/Wikimedia Commons

Nederlandske og belgiske perler

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?   

– Her vil eg slå eit slag for morsmålet mitt, nederlandsk. Det finst så mykje god nederlandsk og belgisk litteratur som ikkje er kjend i Noreg, og som hadde fortent å bli omsett. Ikkje minst klassikarar som Louis Paul Boon eller Nescio, men også samtidsforfattarar som Connie Palmen, Tommy Wieringa eller Jeroen Brouwers.

– Kva meiner du gjer ei bok god?   

– Vanskeleg spørsmål! Ei kjensle av at noko står på spel for forfattaren, trur eg. At det var viktig å skrive akkurat denne boka, og at forfattaren har risikert noko med å skrive og publisere det. Dei verkeleg gode bøkene gjer ofte litt vondt å lese, fordi dei seier ubehagelege sanningar om oss. Franz Kafka har sagt: «Vi bør berre lese den slags bøker som sting og sårar oss», og eg er litt einig i det.

Robin Van de Walle og Johan Nagel

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?   

– Johan Nagel, hovudpersonen i Knut Hamsuns Mysterier. Fordi han er så vimsete og rar. Han er full av merkelege påfunn, utruverdige historier, blir forelska i to damer samtidig, og verkar vere ordentleg lost i livet. Det synest eg er ganske gjenkjenneleg.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Edouard Louis, men berre viss han framleis er singel. Det veit eg ikkje om han er. Viss ikkje Edouard Louis er ledig, må det bli Audre Lorde. Ho verkar som eit utruleg klokt og varmt menneske, som levde eit veldig rikt og inspirerande liv. Eg trur eg hadde blitt eit betre og visare menneske av å snakke med henne. Slik kjennest det i alle fall å lese bøkene hennar.

Den amerikanske forfattaren Audre Lorde (1934–1992) hadde fått middagsinvitasjon om ikkje franske Édouard Louis er singel (t.h). Foto: Elsa Dorfman og Fin Serck-Hanssen/Aschehoug

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar? 

– Shakespeare, utan tvil! Der er det så mykje å ta tak i, så mykje fint og rart og komisk og tragisk om kvarandre. Men då måtte eg òg få tilgang til ei ordbok, for det er så vanskeleg språk.

Tilda Swinton og Lukas Dhont

– Boka di vert filmatisert – kven spelar hovudrolla?   

– No skulle eg ønske eg hadde skrive ei bok med kvinneleg hovudperson, for då kunne eg ha svart Tilda Swinton. Men eit viktigare spørsmål er kven som skulle ha regissert denne hypotetiske filmen, og det måtte bli den belgiske regissøren Lukas Dhont. Han har berre laga to filmar hittil, Girl og Close, men dei er fantastiske begge to, alle bør sjå dei!

Skodespelar Tilda Swinton fotografert i 2016. Foto: Gadge Skidmore, Flickr


Foto: Gyldendal / Kollasj: Framtida.no

Robin Van de Walle

Alder: 28 år

Frå: Belgia, og bur i Bergen

Utdanning: Bachelor i nordiske studium, master i litteraturformidling, og eitt år på Skrivekunstakademiet i Bergen.

Yrke: Forfattar og bibliotekar

Tal på lesne bøker i året: Cirka 30–35 bøker i året trur eg, altså to eller tre i månaden. Litt fleire i sommar- og juleferien.