Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For tida jobbar eg med eige musikkprosjekt. Og så skal eg i gang med «Døden på Oslo S» på Nationaltheatret etter nyttår, så har byrja å sjå litt på manus og sånt. Det blir veldig gøy!

Har du sett norske filmar eller seriar det siste halvåret, er det stort sannsyn for at du har fått med deg Filip Bargee Ramberg på skjermen.

Ein yngre versjon av skodespelaren underheld i desse dagar barn (og vaksne) i julekalenderen Snøfall på NRK. 21-åringen speler òg ein av kompisane til prinsen i Netflix-filmen Royalteen.

Ikkje minst har Bargee gjort seg bemerka i rolla som Bæbs i serien «Flus», som handlar om å vekse opp i kriminelle miljø i Oslo på 90-talet.

I 2023 har Filip Bargee Ramberg fleire jern i elden. I tillegg til å spele Pelle i teaterversjonen av klassikaren «Pelle og Proffen», slepper han eigen musikk i januar.

Bli betre kjent med stjerneskotet!

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av “BARGEE BARGEE“ (@filipbargee)

Korleis ser ein vanleg dag ut for deg?

– Det er veldig forskjellig, sidan eg ikkje har jobb kvar dag. Dei dagane/periodane der eg ikkje har innspeling eller teater, blir det musikk.

– Det viktigaste for meg er å få gjort noko kvar dag i alle fall, så ein føler at ein kjem seg vidare i livet. Når det er innspeling er det opp tidleg som regel, så mange, mange timar på innspeling, og så heim og chille litt før ein er på´n igjen dagen etter.

Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag?

– Hmm, kanskje Daniel Caesar. Han har betydd mykje for meg musikkmessig. Eg song nesten berre hans songar då eg gjekk på musikklinja.

https://youtu.be/uQFVqltOXRg

– Trur matlaging er min største svakheit, så hadde gitt han moglegheit til å velje noko sjølv på Wolt, haha. Ein god burgar hadde vore noko 🙂

Kva gjer deg sint?

– Folk som må snakke andre ned for å føle seg sjølv bra. Og det er overraskande mange.

Kva gjer deg glad?

– Vennar! Eg er så heldig å ha mange vennar som driv med det same som meg. Det er fint å vere nært på folk som inspirerer meg.

Våren 2023 lagar Nationaltheatret musikal av Ingvar Ambjørnsens ungdomsklassikar «Døden på Oslo S» i det nedlagde kjøpesenteret på Økern i Oslo. Filip Bargee Ramberg har rolla som Pelle. Foto: Jonas Falck Evensen/Nationaltheatret

Kva er din beste eigenskap?

– Trur min beste eigenskap er at eg er hardtarbeidande. Eg har lyst til å gjere så mykje som mogleg, og føler på mest glede når eg jobbar.

– Men har ikkje alltid vore sånn. Då eg gjekk på vgs, var eg kanskje ein av dei som jobba minst. Og mitt første friår jobba eg ikkje, pga. korona gjorde at alle teateroppsetjingane blei avlyste. Det var ganske tøft på slutten, og trur det er derfor eg får så mykje glede av jobb no.

Kva er din verste uvane?

– Eg er kronisk for sein! Kjem alltid 5 minutt for seint til oppmøte. På innspelinga av Flus, så måtte dei gi meg oppmøtetid 15 minutt før eg eigentleg skulle vore på sett, sånn at eg kom tidsnok.

Filip Bargee Ramberg i «Flus». Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles, Spark, NRK

Kva er ditt beste råd?

– Å ikkje bry seg så mykje. Det er heilt naturleg å bry seg om andre sine meiningar, men ikkje la det gå ut over kva du eigentleg har lyst til å gjere.

Kva ville du sagt til deg sjølv som 12-åring?

Berre lev, kompis! MEN, ta skulen litt meir seriøst, hehe.

Filip Bargee Ramberg i «Royalteen». Foto: Håvard Byrkjeland / Netflix

Korleis var 18-årsdagen din?

– Bra! Eg plar ikkje feire med vennar og sånt, men drog ut og åt med familien. Det var veldig koseleg!

Kva kjem du til å hugse frå denne tida, når du blir gamal og grå?

– Kor gøy eg har det! Eg er klar over kor heldig eg er som får gjere det eg vil, og at eg er inne i ei god periode no. Også det å få kompliment av folk på gata for arbeidet sitt, er ikkje noko eg tar forgitt.

Kva er din største draum?

– Å kunne leve godt av skodespel og musikk. Eg kan det no, men det er ganske usikre yrke. Så draumen må vere at det held fram å dukke opp masse fine moglegheiter.

Filip Bargee Ramberg, Sjur Vatne Brean og Flo Fagerli blir å sjå i rollene som Pelle, Proffen og Lena når kultklassikaren «Døden på Oslo S» blir musikal på Nationaltheatret våren 2023. Foto: Erika Hebbert/Nationaltheatret

Kven ser du opp til?

– Eg føler eg blir litt inspirert av alle rundt meg. Om det så er mamma, pappa eller vennar og kollegaer.

Kva er det siste biletet på kamerarullen din?

– Siste biletet på kamerarullen min er ein screenshot. Blei tagga i eit bilete av meg og kompisar på P3 Gull, og måtte screene. Minne 🙂


Fem kjappe:

Fortel ein random fakta om deg sjølv:

– Eg landar mest sannsynleg kick flip på first try🙂

Kva lyttar du til for tida?

– Eg har fått skikkeleg sansen for Frank Ocean! Høyrer mykje på han.

Kva ser du på?

– Ingenting for augeblinken, men tenker starte på The White Lotus s2. Sesong 1 var veldig bra.

Kva er favorittmaten din?

– Ingenting slår ein god pizza.

Kva er favorittstaden din?

– Rommet mitt. Der eg chillar, spelar og lagar mykje av musikken min.