Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor mykje eg les går litt opp og ned, og det gjekk veldig ned under pandemien, men no er eg oppe på rundt førti bøker i året igjen.

Det skriv forfattar, illustratør og teikneserieskapar Nora Dåsnes til Framtida.no.

Grafiske blinkskot

26-åringen frå Oslo har teikna og skrive bøker heile livet. Ho var berre 24 år gamal då ho i 2020 debuterte med teikneserieromanen Ti kniver i hjertet!, som fekk Pondusprisen og Kulturdepartementets pris for beste teikneserie.

Den grafiske romanen Ubesvart anrop! vart hylla av kritikarar og fekk fleire prisar. Illustrasjon: Nora Dåsnes/Aschehoug

I år fekk ho både denne og Nordisk råds pris for barne- og ungdomslitteratur for sin andre teikneserieroman, Ubesvart anrop. 

I tillegg har ho gjeve ut biletboka La skogen leve! og illustrert bokserien Vesle vil også…

Me har teke ein kikk i bokhylla til multitalentet.

Det symbolske nattbordet

– Kor les du?   

 Eg les helst i senga om morgonen på dagar eg ikkje må skunde meg nokon stad. Lydbøker høyrer eg når eg vaskar huset, lagar mat, teiknar, strikkar eller går tur. Av og til må eg gå ekstra lang tur fordi det er så spanande.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

 På det symbolske nattbordet ligg Løpe ulv av Kerstin Ekman, Ikkje ver redd sånne som meg av Sumaya Jirde Ali og Sea of Tranquility av Emily St. John Mandel. Symbolsk fordi eg ikkje har nattbord, så bøkene ligg berre rundt om kring, og fordi den siste av desse er ei lydbok.

Forfattar og samfunnsdebattant Sumaya Jirde Ali. Foto: Gry Kristiansdatter/ Aschehoug. Kollasj: Framtida.no

– Kva bøker les du helst?

Akkurat no les eg mest samtidslitteratur, men eg har periodar det går ein del krim. Elles likar eg mange klassikarar, sci-fi og fantasy og les òg ein del barne- og ungdomsbøker i ulike sjangrar. Og teikneseriar, så klart, der likar eg oftare sakprosa og biografiar enn eg gjer i ‘vanleg’ bokform.

Sjørøvarar og holocaust

– Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten?

Eg vart lesen for kvar kveld i oppveksten. Gjerne bøker frå biblioteket. Trur min familie står for minst 50 % av utlånet på Musenes brannstasjon på Deichman Torshov, til dømes. Mamma og pappa las Astrid Lindgren, Roald Dahl, Tove Jansson, og Harry Potter-bøkene, for å nemne nokre veldig få. Og farmor måtte lese Skatten på sjørøverøya kvar gong eg overnatta hjå ho.

Skatten på sjørøverøya er skriven av Robert Louis Stevenson. Omslag og illustrasjonar: Offentleg eigedom, av Georges Roux.

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?   

 I tenåra blei eg heilt oppslukt av Ringenes herre, og las alt eg fann av Tolkien, inkludert Ufullendte fortellinger. Litt seinare blei eg veldig fascinert av Kafka på stranden av Haruki Murakami. Det var første gong eg las ei bok kor det skjer magiske ting som ikkje får noko forklaring, og eg syntest det var utruleg fascinerende at det også gjekk an. Og så var Maus av Art Spiegelman ei bok som både rysta meg og som viste meg kva teikneseriemediet kan romme.

Den Pulitzer-vinnande grafiske novella Maus: En overlevendes fortelling (1980) av Art Spiegelman handlar om korleis teikneserieskaparens far overlevde holocaust. Foto: Art Spiegelman

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?   

– Eg synest i alle fall How To Be Happy av Eleanor Davis bør få fleire lesarar i Noreg (kanskje ei omsetting?) fordi eg elskar ho, men møter veldig få som har lese ho. Elles kan Er jeg snerpet? av Jenny Jordahl gjerne få mer merksemd, så ho finn fram til alle oss som elskar å lese gamle skikk og bruk-bøker og damemagasin.

– Kva meiner du gjer ei bok god?   

– Om eg visste nøyaktig kva som gjer ei bok verkeleg god, hadde livet mitt som forfattar vore mykje enklare. Men eg trur det viktigaste for meg er at det er ei nerve i boka, at det verkeleg kjennest som om noko står på spel, og at ein trur på karakterane.

Mørkredd overtenkar

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?   

– Eg kjende meg veldig igjen i Sara fra Kys Mik av Mari Grydeland, fordi vi overtenker på same måte (berre at når Mari skriv det, blir det morosamt i staden for berre krise). I tillegg er vi begge mørkredde, sjølv om eg ikke blir like livredd som ho.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Eg trur eg går for teikneserieskapar Nora Krug, for ho verkar som ei veldig kunnskapsrik og kul dame, og så vil eg vite korleis ho lagar dei fantastiske kollasj-illustrasjonane sine.

Tysk-amerikanske Nora Krug (1977) er ein illustratør Nora Dåsnes ser opp til. Foto: Selbymay

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar? 

– Det må nok bli Tove Jansson. Då har eg bøker for alle typar humør.

Molly Mendoza og Colin Farrell

– Kva bok ynskjer du deg til jul?

– Eg ynskjer meg Skip av Molly Mendoza. Anar ikkje kva den handlar om, men den har berre innmari kule illustrasjonar.

Illustrasjonane til Molly Mendoza i romanen Skip har fanga interessa til Nora Dåsnes. Illustrasjonar: Molly Mendoza

– Kva av bøkene dine ville du helst sett filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

 Eg trur eg ville valt Ti kniver i hjertet som film, og at Ubesvart anrop hadde vore finast som teater. Til å spele Tuva og gjengen ville det vore best med heilt nye ukjente skodespelarar, men trur Colin Farrell hadde vore fin som Pappa om han kunne blitt overtalt til å ta håret!


Forfattardebutant Robin Van de Walle (28) er oppvaksen i Belgia, flytta til Oslo i 2014 og vidare til Bergen under pandemien. foto: Helge Skodvin

Nora Dåsnes

Alder: 26
Frå: Oslo
Utdanning: Bachelor i illustrasjon, Kingston university
Yrke: Forfatter, illustratør og teikneserieskapar