Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kjenner meg mykje igjen i karakteren Sophie Hatter frå «Det levende slottet» av Diana Tynne Jones – både frå filmen og boka, fortel Sara Hjardar på e-post til Framtida.no.

I boka vert Sophie Hatter forvandla til ei gammal dame, men Hjardar fortel at det er hennar indre kamp mot si eiga sjølvkjensle og sjølvtillit som står sentralt heller enn korleis ho ser ut.

– Ho startar som ein nokså reservert person, men utviklar seg gjennom boka til å verte ei viljesterk kvinne som ser noko godt i alle, sjølv dei som har gjort ho vondt.

Vann bokkontrakt

Omslag: Story House Egmont

Sara Hjardar debuterte som forfattar tidlegare i år med den grafiske romanen «Mia Myhr og barna som forsvant». Det er første bok i grøssarserien om Mia Myhr.

VG meinte debuten gav assosiasjonar til Stranger Things og Coraline, og kåra boka til ei av årets beste:

– Denne fortener ein plass høgt oppe på bestseljarlistene, skreiv VG-meldarane.

Bokkontrakten sikra Hjardar seg etter at ho gjekk heilt til topps i Egmont sin store teikneseriekonkurranse i 2021. Nordlys-skapar Malin Falch sat i juryen som skulle kåre vinnaren blant 200 håpefulle serieskaparar.

– Historia er like skummel som ho er vakker! Heilt umogeleg å leggje frå seg, sa Falch om Mia Myhr-boka.

Til Framtida.no fortel Sara Hjardar at ho hadde elska å sjå teikneseriegrøssaren gjort om til ein animert film av Studio Ghibli eller som ein stop motion-film av Guillermo del Toro.

– Eg har alltid hatt stemma til Chihiro frå «Chihiro og heksene» i tankane når eg har tenkt på korleis Mia skal høyrest ut (både den engelske og norske versjonen av filmen).

Framtida.no har teke ein kik i bokhylla til teikneserieforfattaren:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– «La skogen leve!» av Nora Dåsnes.

Kva bøker les du helst?

– Eg les helst fantasy, spenning, psykologiske thrillerar eller skrekk! (Kanskje også litt romanse.)

Kor les du?

– I sofaen eller i senga mi.

Desse bøkene fekk Sara Hjardar til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kva bok vart lesen til deg som liten?

– Foreldra mine las mykje eventyr til meg! Eg hugsar spesielt brørne Grimm sine forteljingar og dei klassiske norske eventyra.

Death Note er skriven av Tsugumi Ohba og illustrert av Takeshi Obata.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– «Death Note» av Tsugumi Ohba. Det var ein av dei første mangaane eg las, og den starta kjærleiken min for teikneseriar og mørke thrillerar.

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

Brandon Sanderson! Han er kanskje ikkje så undervurdert, men eg synest i alle fall ikkje at han får nok anerkjenning for å vere ein av notida sine beste fantasyforfattarar. Det er heilt utruleg korleis han klarar å skape alle dei fiktive verdene sine med så djupe historier og verdsbygging.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– «Coraline» av Neil Gaiman. Eg synest at Gaiman klarar å kombinere barnelitteratur og grøssarsjangeren på ein perfekt måte som gjer at den ressonerer både hjå den yngre lesar og den vaksne. Denne boka har også inspirert meg masse til å sjølv skrive barnegrøss.

Filmversjonen av Coraline frå 2009 vart nominert til Oscar:

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Ei bok som du framleis tenkjer på sjølv etter at du er ferdig med å lese ho. Når ei bok får deg til å ønske at du kunne lese ho på nytt med nye auge, då har du lese ei god bok!

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Definitivt mangaforfattaren Junji Ito! Han lagar heilt fantastiske grøssarteikningar og historier i mangaane sine, og eg hadde elska å snakke med han om korleis hovudet hans fungerte!

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Neil Gaiman. Han har eit veldig spreitt forfattar-register, så eg trur at eg kunne fått ei bok i alle sjangrar om eg berre hadde lese hans bøker resten av livet!

Mange av Neil Gaiman sine bøker har også vorte gjort om til TV-seriar og film, mellom anna The Sandman og Good Omens. Foto: nrkbeta, CC BY-SA 2.0


Forfattar Robin Van de Walle (28) er oppvaksen i Belgia, men debuterer på nynorsk med romanen Han, solo. Foto: Helge Skodvin/Cappelen Damm. Omslag: Simon Alexandre Clément Denis (1755 – 1813)

Fakta

Namn: Sara Hjardar

Alder: 24 år

Frå: Fredrikstad

Utdanning: Årsstudium i kunst og formidling og ein bachelor i grafisk
design og illustrasjon ved Kunsthøgskolen i Oslo

Yrke: Teikneserieforfattar og illustratør

Kor mykje les du sjølv? (Gjerne tal bøker i året): Eg plar lese over 20 bøker i året! (Dette inkluderer vanlege bøker, lydbøker, teikneseriar og manga)