AUF vil at elevar skal ha helsesjukepleiar tilgjengeleg kvar dag

Jonas Yang Tislevoll
Publisert

– Vi i AUF meiner at skulehelsetenesta skal vere tilgjengeleg kvar einaste dag. Vi ønsker å bygge opp dette for å gi eit lågterskel psykisk helsetilbod til alle.

Det seier Astrid Hoem, leiar i AUF, på telefon til Framtida.no

Onsdag denne veka gjekk Arbeidarpartiet sitt 69. ordinære landsmøte av stabelen. Under møtet skal Ap diskutere og vedta eigen politikk og arbeid innanfor organisasjonen. Dei skal også velje nytt sentralstyre og øvste leiing i partiet.

Arbeidernes ungdomsfylking (AUF) har lenge kjempa for eit betre tilbod i skulehelsetenesta. I år vil dei bruke landsmøtet til å ta kampen for at Ap går inn for eit politisk vedtak om tilgjengeleg skulehelseteneste kvar einaste dag gjennom øyremerkte pengar til dette.

– Vi er nøydd til å prioritere pengar til dette

Studentens helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) er ei undersøking som blir gjort kvart fjerde år av Folkehelseinstituttet. I rapporten frå 2022 kom det fram at ein av fem svara at dei har skadd seg sjølv med vilje og fem prosent oppgir å ha forsøkt å ta sitt eige
liv.

– Vi er nøydd til å prioritere pengar til dette. Seinare i år vil det komme ein opptrappingsplan for psykisk helse, og då meiner vi i AUF at skulehelsetenesta må vere prioritert, seier Hoem.

I ein rapport frå Ungdata for 2022 kjem det fram at blant barn og unge har 32 prosent brukt skulehelsetenesta det siste året.

Sjølv om skulehelsetenesta eksisterer i dag presiserer AUF-leiar Hoem at dagens tilbod er alt for dårleg. Ho meiner at det er behov for større føreseielegheit.

– Det er mange stader rundt om i landet der skulehelsetenesta berre har ope tysdag og torsdag mellom 10 og 12. Ungdomar kan ikkje planlegge kva tid dei har ein dårleg dag og behov for å ha nokon å snakke med.

Mange unge slit med si mentale helse

Selskapet for industriell og teknisk forsking hadde i 2021 ei undersøking om helsesjukepleiarar i helsestasjons- og skulehelsetenesta. Dei konkluderte med at det manglar over 2000 helsesjukepleiarar for å nå dagens bemanningstal.

I forslaget til AUF står det blant anna dette i grunngivinga.

«Alle menneske har rett til ei god psykisk helse, og det er et samfunnsproblem at dei som slit psykisk ikkje får den hjelpa dei treng, når dei trenger ho.»

Eit av måla til AUF er også å senke terskelen for å besøke skulehelsetenesta.

– No veit vi at mange unge slit med si mentale helse, og desto viktigare er skulehelsetenesta. Vi treng eit lågterskeltilbod for å førebygge mot akkurat dette. AUF ønsker å innføre obligatoriske timar hos helsesjukepleiar kvart skuleår, avsluttar Hoem.


Les også: «NAV ung» og regulering av bustadmarknaden – slik vil AUF-leiaren få partiet ut av krisa