«NAV ung» og regulering av bustadmarknaden – slik vil AUF-leiaren få partiet ut av krisa

AUF-leiar Astrid Hoem har laga ei liste med kortsiktige og langsiktige krav for å snu krisemålingane til Arbeidarpartiet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik vil AUF-leiaren få partiet ut av krisa

Tysdag vart Arbeidarpartiet (Ap) målt til 15,4 prosent oppslutning i Vårt Land si meiningsmåling.

AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem fortel VG at ho fekk sjokk då ho såg det låge talet.

Vårt Land-målinga føyer seg inn i rekkja av dårlege meiningsmålingar for Ap den siste tida, medan Høgre seglar fram. Krisemålingane var tema for Debatten på NRK tidlegare i november, og Hoem gjekk då hardt ut mot partikollega Trond Giske, og sa at han er ein del av problemet. I etterkant vart AUF-leiaren møtt med netthets.

Til VG presenterer Hoem ei liste med krav som ho meiner kan få Ap på rett kurs. Ho meiner gratis barnehage og SFO og regulering av bustadmarknaden er blant dei viktigaste tiltaka.

Dette er krava frå AUF-leiaren

På kort sikt:

  • Heve satsane for sosialhjelpa til unge, einslege og dei på dei lågaste satsane.
  • Sikre at folk på sosialhjelp ikkje får støtte avkorta av at anna støtte blir auka.
  • Doble løyvingane til Husbanken i dagens statsbudsjett og styrke dei som ein bustadsosial aktør.
  • Setje tak på kor mykje husleiga kan aukast.

Vidare vil Hoem at partiet skal:

  • Doble den statlege bustøtteordninga og sørgje for at ho følgjer
    bustadprisutviklinga kvart år.
  • Starte arbeidet med å gi leigetakarar sterkare rettar i husleigelova.
  • Skattleggje «bustadhaiane» enda sterkare, sånn at det ikkje løner seg å eige
    mange bustadar.
  • Sørgje for at kommunar kan ta over innkrevjing av inkasso.
  • Tillitsreform i Nav, og eit Nav som har tid til å sjå deg.
  • Lærlingeplassgaranti.
  • Eit eige Nav ung som kan ha spesielt ansvar for å følgje opp unge.

Les også intervjuet med tre studentar: Studietida er langt ifrå eit glansbilete

Støre: – Delar bekymringa

Statsminister Jonas Gahr Støre Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor

Til VG seier statsminister Jonas Gahr Støre at han forstår AUF-leiaren si bekymring, men kjem ikkje med konkrete løfte.

– Eg deler i høgste grad AUF og Hoems bekymring for at mange unge har det vanskeleg no, med pressa økonomi og stadig høgare prisar. Difor har vi blant anna lansert ein ny ungdomsgaranti for å få fleire unge i arbeid, auka satsinga på inkludering av barn og unge, utvida sosialhjelpssatsane og gitt straumstøtte til studentar.